Victoria av Sverige

(Omdirigert frå Kronprinsesse Victoria)

Victoria (fødd 14. juli 1977) er kronprinsesse av Sverige og hertuginne av Västergötland. Ho er dotter av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Victoria er storesyster til prins Carl Philip av Sverige og prinsesse Madeleine av Sverige, og Sverige sin tronarving. Ho vart fødd prinsesse, men vart gjennom ei attendeverkande endring av grunnlova i Sverige kronprinsesse 1. januar 1980.

Victoria


FøddVictoria Ingrid Alice Désirée
14. juli 1977 (47 år)
Solna i Sverige
TittelKronprinsesse av Sverige
Alle titlar1977–1979
Prinsesse av Sverige
1980–i dag
Kronprinsesse av Sverige
Hertuginne av Västergötland
Fullt namnVictoria Ingrid Alice Desirée
Hus eller slektBernadotte
LandSverige
MorSilvia av Sverige
FarCarl XVI Gustaf av Sverige
EktefelleOlof Daniel Westling
BarnEstelle av Sverige, Oscar av Sverige
MedlemKungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Signatur

I 1995 vart Victoria tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Victoria hadde trulova seg med Daniel Westling, som ho hadde vore vener med sidan 2002. Dei gifta seg 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm. 23. februar i 2012 fekk dei ei dotter som blir den neste i arvefølgja i Sverige.[1] Dottera fekk namnet Estelle Silvia Ewa Mary.[2]

Namn og titlar

endre
  • 1977–1979: Prinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige
  • 1980–i dag: Kronprinsesse Victoria Ingrid Alice Desirée av Sverige, hertuginne av Västergötland

Galleri

endre
Victoria av Sverige

Kjelder

endre
  1. Beskjed om fødselen frå den Svenske riksmarskalken http://www.kungahuset.se/kungafamiljen/aktuellahandelser/aretsaktuellahandelser/kommunikefranriksmarskalken.5.70e7de59130bc8da54e800020555.html Arkivert 2012-10-15 ved Wayback Machine.
  2. BT, 24.02.12: Sveriges prinsesse skal hete Estelle, arkivert frå originalen 26. august 2016, henta 24. februar 2012