Kurland
Kurland[a] er eit av dei fire historiske landskapa i Latvia. Det ligg sørvest for Rigabukta, og er kalla opp etter det baltiske folket kurane. Det strekte seg i mellomalderen heilt ned til dagens nordvestre del av Kaliningrad (Königsberg) og omfatta heile det noverande litauiske kystområdet.
Kurland | |||
region | |||
Land | Latvia | ||
---|---|---|---|
Kurland 57°N 22°E / 57°N 22°E | |||
Latviske kulturelle og historiske regionar og byar.
| |||
Wikimedia Commons: Courland |
Kurland høyrte under den Den tyske riddarordenen i staten Livland (om lag 1200–1560). Kurland var eit hertugdøme som var ein del av Den polsk-litauiske realunionen frå 1560 til 1795 og hadde på 1600-talet koloniar på Tobago og i Gambia. For å tene skipa i kolonitrafikken gjekk hertug Jekabs (1610–1682) inn i ein leigeavtale om bruk av Flekkerøy utanfor Kristiansand. I 1664 sikra hertugen gjennom ein avtale med Fredrik III av Danmark-Noreg rettane for for Kurland til å utvinne sølv, bly, kopar og jern med særs gunstige vilkår. Kurland etablerte gruver på Eidsvoll og Kongsberg, og i periodar var opptil 300 kurlendarar i arbeid i Noreg.
Etter delinga av Polen og Litauen i 1795 gjekk området over til Det russiske keisardømet (1795–1918).
I tillegg til latviarar og tyskarar budde det òg svenskar her, i nyare tid òg russarar. Den nordlegaste delen er tynt folkesett og er for det meste busett av livarar.
Grunneigarane og byborgarskapet, og dermed dei danna klassane, var i all hovudsak tyskspråklege, den tyske folkegruppa vart evakuert av styresmaktene til Posenområdet under den andre verdskrigen, og derfrå drive vidare bort av Stalin og polakkane.
Byar i Kurland
endreHertugar av Kurland
endre- 1562–1587: Gotthard Kettler
- 1587–1642: Friedrich Kettler
- 1587–1616: saman med Wilhelm Kettler (delt 1596–1616)
- 1642–1681: Jakob Kettler
- 1681–1698: Friedrich Kasimir Kettler
- 1698–1711: Friedrich Wilhelm Kettler
- 1711–1737: forskjellige rivaliserande regentar, m.a. den seinare russiske tsarina Anna
- 1737–1758 og 1758–1763: Ernst Johann von Biron
- 1763–1795: Peter von Biron
Merknader
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kurland» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2008.