Opna hovudmenyen

Kvassheim fyrstasjon er eit fyr i Hå kommuneJæren i Rogaland. Det vart bygd i 1912 og vart det siste leddet i utbygginga av fyra på Jæren.

Kvassheim fyrstasjon
Kvassheim fyr 1.jpg

Foto: Jarle Vines

FylkeRogaland
Kommune
FunksjonKystfyr
Oppretta1912
Koordinatar58°32.6665′N 5°40.8240′EKoordinatar: 58°32.6665′N 5°40.8240′E
Fyrtårn
Høgd9,3
FormLyktehus på søyle
Fyrlys
Lyskarakter2 okkulterande glimt kvart 8. sek.
Lyshøgd11,7 moh
Lysvidde10,1 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1990
Avfolka1990
Kvassheim fyrstasjon is located in Rogaland
Plasseringa til Kvassheim fyrstasjon

Stasjonen dannar eit system i lag med Obrestad og Feistein fyr, som begge vart bygd for å leie trafikken trygt forbi jærkysten. Trass i at det var to andre fyr på Jæren, var det stadig forlis, og i 1906 vart det bygd eit tåkesignal med knall like sør for der Kvassheim fyr står i dag. Dette tåkesignalet vart nedlagd då fyret vart bygd i 1912. Fyret vart ustyrt med tåkelur som igjen vart erstatta med tyfon i 1956. I 1990 vart fyret automatisert og avfolka.

I 2002 vart fyret gjeve Jæren Friluftsråd, og arbeidet med å pusse opp, restaurere og bygge om det gamle fyret starta. I dag vert fyret òg kalla Friluftsfyret Kvassheim og det er i dag kafé i den gamle fyrbygningen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra