Kvassheim fyrstasjon
Kvassheim fyrstasjon er eit fyr i Hå kommune på Jæren i Rogaland. Det vart bygd i 1912 og vart det siste leddet i utbygginga av fyra på Jæren.
Foto: Jarle Vines | |||
Fylke | Rogaland | ||
---|---|---|---|
Kommune | Hå | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1912 | ||
Koordinatar | 58°32.6665′N 5°40.8240′E / 58.5444417°N 5.6804000°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 9,3 | ||
Form | Lyktehus på søyle | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | 2 okkulterande glimt kvart 8. sek. | ||
Lyshøgd | 11,7 moh. | ||
Lysvidde | 10,1 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 1990 | ||
Avfolka | 1990 | ||
Kvassheim fyrstasjon 58°32′40″N 5°40′49″E / 58.54444444°N 5.68027778°E | |||
Stasjonen dannar eit system i lag med Obrestad og Feistein fyr, som begge vart bygd for å leie trafikken trygt forbi jærkysten. Trass i at det var to andre fyr på Jæren, var det stadig forlis, og i 1906 vart det bygd eit tåkesignal med knall like sør for der Kvassheim fyr står i dag. Dette tåkesignalet vart nedlagd då fyret vart bygd i 1912. Fyret vart ustyrt med tåkelur som igjen vart erstatta med tyfon i 1956. I 1990 vart fyret automatisert og avfolka.
I 2002 vart fyret gjeve Jæren Friluftsråd, og arbeidet med å pusse opp, restaurere og bygge om det gamle fyret starta. I dag vert fyret òg kalla Friluftsfyret Kvassheim og det er i dag kafé i den gamle fyrbygningen.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket.
- «Kvassheim fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.