Kvithaleinka (Coeligena phalerata) er ein kolibri med utbreiing utelukkande i Sierra Nevada de Santa Marta i nordlege Colombia, og der avgrensa til høgder frå 1400 til 3700 moh.

Kvithaleinka
Kvithaleinka
Kvithaleinka
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Kvithaleinka
Utbreiinga av Kvithaleinka
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Coeligena
Art: Kvithaleinka C. phalerata
Vitskapleg namn
Coeligena phalerata

Skildring

endre

Kvithaleinkaen er ein stor kolibriart, ca. 14 cm i kroppslengd, og kjønna har særs stor skildnad i fjørdrakt, til dømes er det berre hannfuglen som har kvit hale. Hannen har dessutan turkis iriserande panne og mørkeblå strupeflekk, og kroppen elles i metallisk grønt. Hoa har overside i lysare, skinande grønt, krona meir uklår blågrøn og undersida kanelfarga. Ho har ein bronsjefarga hale og har dessutan monaleg lengre nebb enn hannen. Begge kjønna har kløfta hale, men det er mest framtredande hos hannfuglane.

Hekkeområdet for arten er på ca. 4,700 km2 i alpin, fuktig skog. Dei beitar nektarfuksiablomar, bananblomar og andre, og dei kan plukke ulike små leddyr frå blader og ved å snappe dei i flukt.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, og er trudd å vere minkande. Arten er kategorisert som livskraftig av BirdLife International.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvithaleinka