For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Inkariket.

Inkaer (Coeligena) er ei biologisk slekt av mellomstore til store, snøgt flygande kolibriar som lever i høglandet i Andesfjella frå midt i Bolivia i sør, nordover til nordlegaste Colombia og nordvestre Venezuela.

Inkaer
Kvitbrystinka, Coeligena torquata Foto: Tad Boniecki
Kvitbrystinka, Coeligena torquata
Foto: Tad Boniecki
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Inkaer Coeligena
Lesson, 1832

Skildring

endre

Inkaer har kroppslengd på frå 11 til 14,5 cm og veg mellom 6 og 8 gram. Dei har 28–34 mm lange, rette, nesten nåleliknande nebb, og syner kjønnsdimorfisme i lengda på nebbet. Når dei sit på ei grein held dei nebbet litt oppeikande.[1] Dei fleste artane har ein liten kvit flekk bak auget. Medan artane har liknande kroppsbygging og proporsjonar, varierer dei mykje i fjørdrakt.

Desse artane flyg med stor snøggleik, dei fleste av artane nyttar ei fast rute og vitjar dei einskilde blomane med lange intervall mellom vitjingane.[1]

Artslista

endre

Det er 11 aksepterte artar i slekta. Nokre artar som bronseinka og kvitbrystinka er vidt utbreidde, medan andre som svartinka og Coeligena orina har særs avgrensa utbreiing. Nokre artar lever i små isolerte habitat i dei fjellrike områda av Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia, og i Cordillera del Condor i Ecuador.

Coeligena i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[3] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[4]

  • Bronseinka, Coeligena coeligena, Bronzy inca, (Lesson, RP, 1833), (LC)
  • Bruninka, Coeligena wilsoni, Brown inca, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • Svartinka, Coeligena prunellei, Black inca, (Bourcier, 1843), (VU)
  • manglar norsk namn, Coeligena conradii, Green inca, (Bourcier, 1847), (LC)
  • Kvitbrystinka, Coeligena torquata, Collared inca, (Boissonneau, 1840), (LC)
  • manglar norsk namn, Coeligena inca, Gould's inca, (Gould, 1852), (LC)
  • Fiolettstrupeinka, Coeligena violifer, Violet-throated starfrontlet, (Gould, 1846), (LC)
  • Regnbogeinka, Coeligena iris, Rainbow starfrontlet, (Gould, 1853), (LC)
  • Kvithaleinka, Coeligena phalerata, White-tailed starfrontlet, (Bangs, 1898), (NT)
  • Oreadeinka, Coeligena orina, Dusky starfrontlet, Wetmore, 1953, (EN)
  • Opalvenginka, Coeligena lutetiae, Buff-winged starfrontlet, (Delattre & Bourcier, 1846), (LC)
  • manglar norsk namn, Coeligena consita, Perija starfrontlet, Wetmore & Phelps, WH Jr, 1952, (EN)
  • Gyllenbukinka, Coeligena bonapartei, Golden-bellied starfrontlet, (Boissonneau, 1840), (LC)
  • manglar norsk namn, Coeligena eos, Golden-tailed starfrontlet, (Gould, 1848), (LC)
  • Rosenbukinka, Coeligena helianthea, Blue-throated starfrontlet, (Lesson, RP, 1839), (LC)

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 Ridgeley og Greenfield
  2. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  3. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 6. juli 2023. 
  4. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Inkaer