Lågt blodtrykk
Lågt blodtrykk eller hypotensjon er ein tilstand med unormalt lågt blodtrykk i pulsårene i systemkretsløpet.[1] Blodtrykk er definert som den krafta blodet ytar mot dei indre veggane i pulsårene når hjarta pumpar blod. Hypotensjon er generelt rekna som systolisk blodtrykk på mindre enn 90 mmHg eller diastolisk blodtrykk på mindre enn 60 mmHg.[2][3] I praksis plar ein å rekne blodtrykket som lågt fyrst når symptom er tilstades.[4]
Lågt blodtrykk | |||
Ein kan konstatera lågt blodtrykk gjennom blodtrykksmåling. | |||
Klassifikasjonar og ressursar | |||
---|---|---|---|
ICD-9-kode: | 458 eller 796.3 | ||
ICD-10-kode: | I95 | ||
DiseasesDB | 6539 | ||
MedlinePlus | 007278 | ||
MeSH | D007022 |
Hypotensjon står i motsetnad til hypertensjon, som er ein tilstand med høgt blodtrykk. Det er ein fysiologisk tilstand, og vert ikkje rekna som ein sjukdom. Det er ofte tilknytt sjokk, men er ikkje naudsynleg ein indikasjon for dette.
For nokre menneske som trenar og er elles i toppform, så er lågt blodtrykk eit teikn på god helse.[5] For andre kan lågt blodtrykk føre til ørske og uviting, og stundom alvorleg liding i det kardiovaskulære-, endokrine- eller nevrologiske systemet. Veldig lågt blodtrykk kan utmatte hjernen og andre vitale organ for oksygen, og føre til livstrugande sjokk.
Symptom og sjukdomsteikn
endreKardinalsymptoma for hypotensjon omfattar omtåke og ørske. Viss blodtrykket er lågt nok kan uviting og anfall førekoma.
Symptoma ved hypotensjon skuldast ofte dei føreliggjande årsakene til hypotensjon, heller enn sjølve effektane av tilstanden:
|
|
Diagnose
endreFor dei fleste vaksne er det helsemessig bra å ha eit blodtrykk kring 120/80 mmHg.
Eit blodtrykksfall på så lite som 20 mmHg kan føre til forbigåande hypotensjon.[6]
Evaluering av nevrokardiogen synkope vert utført med ein vippetest.
Handsaming
endreHandsaminga av lågt blodtrykk er avhengig av årsaka. Kronisk hypotensjon er sjeldan meir enn eit symptom. Asymptomatisk hypotensjon i friske menneske krev oftast ikkje medisinsk handsaming. Tilsetting av elektrolyttar i dietten kan lindre symptoma ved mild hypotensjon. Ein morgondose med koffein kan òg vere effektivt. I milde tilfelle der personen fortsatt er responsiv, kan det vere nyttig å legge personen på ryggen og heve beina, slik at den venøse returen gjev meir blod til kritiske organ i brystkassen og hovudet. Trendelenburgs leie har vore mykje brukt gjennom historia, men er ikkje lenger tilrådd.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hypotension» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ TheFreeDictionary: hypotension. Citing: The American Heritage Science Dictionary Copyright 2005
- ↑ «Diseases and Conditions Index – Hypotension». National Heart Lung and Blood Institute. September 2008. Henta 16. september 2009.
- ↑ Mayo Clinic staff (23. mai 2009). «Low blood pressure (hypotension) — Definition». MayoClinic.com. Mayo Foundation for Medical Education and Research. Henta 19. oktober 2009.
- ↑ Mayo Clinic staff (23. mai 2009). «Low blood pressure (hypotension) — Causes». MayoClinic.com. Mayo Foundation for Medical Education and Research. Henta 19. oktober 2010.
- ↑ «Low blood pressure (hypotension)». BUPA.co.uk.
- ↑ Chobanian AV, Bakris GL, Black HR, Cushman WC, Green LA, Izzo JL, Jones DW, Materson BJ, Oparil S, Wright JT, Roccella EJ; Bakris; Black; Cushman; Green; Izzo Jr; Jones; Materson; Oparil; Wright Jr; Roccella; Joint National Committee On Prevention; National High Blood Pressure Education Program Coordinating Committee (Desember 2003). «Seventh report of the Joint National Committee on Prevention, Detection, Evaluation, and Treatment of High Blood Pressure». Hypertension 42 (6): 1206–52. Henta 3. november 2009.
- ↑ Kettaneh, Nicolas (30. oktober 2008). «BestBets: Use of the Trendelenburg Position to Improve Hemodynamics During Hypovolemic Shock». Grand Rapids Medical Education & Research/Michigan State University.