Brystsmerte kan vera symptom på ulike alvorlege tilstandar og er generelt rekna som eit medisinsk naudhøve. Sjølv om det kan avgjerast at smerta er av ikkje-kardialt opphav, så er det ofte ein eksklusjonsdiagnose som vert sett fyrst etter at meir alvorlege årsaker er utelukka.

Typiske smerteområder ved hjarteinfarkt. Mørkraud visar til dei vanlegaste områda; lysraud visar til andre moglege områder.

Differensialdiagnose

endre

Årsaker til brystsmerte varierer frå ikkje-alvorlege til alvorlege og livstrugande.[1]

Hjå vaksne er dei vanlegaste årsakene gastrointestinal (42%), koronar hjartesjukdom (31%), muskuloskeletal (28%), perikarditt (4%) og lungeembolisme (2%).[2] Andre mindre vanlege årsaker inkluderer: lungebetennelse, lungekreft og aortaaneurismar.[2]

Hjå born er dei vanlegaste årsakene muskuloskeletale og ukjente.[3]

Kardiovaskulær

endre

Respiratorisk

endre

Gastrointestinal

endre

Brystveggen

endre

Psykologisk

endre

Andre

endre

Diagnostisk tilnæring

endre

Anamnese

endre

Det å kjenne pasienten sine risikofaktorar kan vere nyttig når ein skal inkludere eller utelukke årsaker til brystsmerte. Til dømes er hjarteinfarkt og aortadisseksjon veldig sjeldan hjå individ under 30 år, men monaleg meir vanleg hjå individ som er eldre, røykar, har høgt blodtrykk, historie med koronar hjartesjukdom eller hjerneslag, positiv familiehistorie (prematur aterosklerose, kolesterolsjukdom, hjarteinfarkt i tidleg alder) eller andre risikofaktorar.

Fysikalsk-medisinsk undersøking

endre

Ved akuttmottaket er det vanleg å byrje med å utelukke dei farlegaste årsakene til brystsmerte, nemleg hjarteinfarkt, lungeembolisme, aortadisseksjon, øsofagusruptur (perforasjon av matrøyret), tensjonspneumotoraks og hjartetamponade. Ved å eliminere eller stadfeste dei mest alvorlege årsakene kan ein setja diagnose på opphavet til smerta. Ofte finn ein inga årsak og pasienten vert då roa og forsikra av helsepersonell.[1]

Viss ein mistenkjer akutt koronarsyndrom («ustabil angina») er det vanleg å leggje pasienten inn for observasjon, ta regelmessig EKG av brystet, og stadfeste hjartemarkørar over tid. Stundom vil vidare testing avgjere årsaka. TIMI («trombolyse ved hjarteinfarkt») ved innlegging kan bidra til å stratifisera risikoen. Kjenneteikn som er typiske for hjarteiskemi skildrar smerten som tungleik; spreiing av smerta til nakken, kjeven eller venstre arm; sveitte; kvalme; palpitasjonar; smerte ved rørsle; ørske; dyspné; og «ei kjensle av føreståande undergang».

Grannsam anamnese og fysikalsk-medisinsk undersøking er avgjerande når ein skiljer dei farlege årsakene frå dei trivielle. Stundom vil usynlege sjukdomsteikn føre diagnosen mot særlege årsaker, som til dømes «knyttneve mot brystet» (Levines teikn), som er indikativt for hjarteiskemi. Ein snøgg diagnose kan vere livreddande og må ofte gjerast utan hjelp frå medisinske testar. Generelt er det likevel naudsynleg å utføre fleire testar for å stadfeste diagnosen.

Medisinske testar

endre

På grunnlag av overståande kan ei rekkje testar utførast:[5]

Handsaming

endre

Administreringa av acetylsalisylsyre ved innleggjing har vist seg å kunne auke sjansane for 30-dagar overleving med 30%.

Hjå personar med brystsmerte er det ikkje naudsynleg med supplerande oksygen med mindre oksygenmettinga er mindre enn 94%, eller det er teikn på pustebesvær.[6][7] Ei lystgass/oksygen-blanding (ofte 50-50%) vert ofte gjeve av akuttmedisinsk personell utanfor sjukehuset.[8] Det er likevel lite prov for effektiviteten.[7][9]

I tillegg til lækjemiddel kan det brukast kosttilskot for å lindre brystsmerte.

Kjelder

endre
Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. 1,0 1,1 Woo KM, Schneider JI (November 2009). «High-risk chief complaints I: chest pain--the big three». Emerg. Med. Clin. North Am. 27 (4): 685–712, x. 
  2. 2,0 2,1 Kontos, MC; Diercks, DB; Kirk, JD (Mars 2010). «Emergency department and office-based evaluation of patients with chest pain.». Mayo Clinic proceedings 85 (3): 284–99. 
  3. al.], [edited by] Jill M. Baren ... [et (2008). Pediatric emergency medicine. Philadelphia: Saunders/Elsevier. s. 481. ISBN 9781416000877. 
  4. Mallinson, T (2010). «Myocardial Infarction». Focus on First Aid (15): 15. Arkivert frå originalen 21. mai 2010. Henta 8. juni 2010. 
  5. Hess EP, Perry JJ, Ladouceur P, Wells GA, Stiell IG (Mars 2010). «Derivation of a clinical decision rule for chest radiography in emergency department patients with chest pain and possible acute coronary syndrome». CJEM 12 (2): 128–34. 
  6. «Highlights of the 2010 AHA Guidelines for CPR and ECC» (PDF). American Heart Association. Arkivert frå originalen (PDF) 6. januar 2017. 
  7. 7,0 7,1 O'Connor, RE; Brady, W; Brooks, SC; Diercks, D; Egan, J; Ghaemmaghami, C; Menon, V; O'Neil, BJ; Travers, AH; Yannopoulos, D (2. november 2010). «Part 10: acute coronary syndromes: 2010 American Heart Association Guidelines for Cardiopulmonary Resuscitation and Emergency Cardiovascular Care». Circulation 122 (18 Suppl 3): S787–817. 
  8. Castle, N (Februar 2003). «Effective relief of acute coronary syndrome». Emergency nurse : the journal of the RCN Accident and Emergency Nursing Association 10 (9): 15–9. 
  9. «Entonox for the Treatment of Undiagnosed Chest Pain: Clinical Effectiveness and Guidelines» (PDF). Canadian Agency for Drugs and Technologies in Health. Arkivert frå originalen (PDF) 29. september 2011. Henta 12 July 2011.