Lørdagsbarnetimen

Lørdagsbarnetimen var eit radioprogram for born som vart sendt kvar veke av Norsk rikskringkasting (NRK) frå 1924 til 2010.

Barnetimen vart fyrste gongen kringkasta 20. desember 1924. Det siste programmet vart sendt 11. september 2010. Like før det vart lagt ned var barnetimen rekna som verdas eldste radioprogram som framleis vart kringkasta.[1]

Før andre verdskrigen endre

Den fyrste Lørdagsbarnetimen, den gongen under namnet Barnetimen, gjekk på lufta 20. desember 1924, kringkasta av det private Kringkastingsselskapet A/S. Programleiar var Carl Bødtker («Onkel Bødtker»).

Einar Schibbye var programleiar i åra før andre verdskrigen, kjend som «onkel Einar». Sogene om onkel Einar, Oscar og Spisskammeret, eller møta mellom onkel Einar, Kallemann, Amandus og tana Amalie (dei siste figurane var vorte skapt i samarbeid med Sverre Erichsen under Schibbyes NRK-periode i Bergen) vart institusjonar i radioen.

Schibbyes fantasi tok borna med ut på utrulege eventyr, gjerne med eit visst teknologisk preg. Med den personlege leiinga si, faste innslag og talrike ukonvensjonelle sett å aktivisera lyttarane på, gjorde Schibbye Barnetimen til ein forløpar for magasinprogramma i 1960-åra.

Etterkrigstida endre

Dei fyrste åra etter krigen var prega av lite ressursar. Barnetimen, som han då heitte, vart utforma fyrst som eit familieprogram, som leiaren for NRK si nyoppretta barne- og ungdomsavdeling Lauritz Johnson frå 1946 straks greip tak i og gjorde om til eit barneprogram. Han gjekk inn som leiar av Barnetimen, som då fekk sendetid kl 18. Han vart som programleiar for Barnetimen etterkvart kjend som heile Noregs «Onkel Lauritz». Han sørgde for å byggja opp avdelinga med eigne kor, orkester og vekentlege høyrespel. Sonni Holtedahl Larsen vart «Tante Sonni».

Teksten til den legendariske kjenningsmelodien Nå kommer barnetimen («hysj, hysj, hysj, vær stille som mus») er skriven av teiknaren, forfattaren og visedikteren Thorbjørn Trakter i 1950. Melodien er Skomagerdrengen, komponert av Eric Christiansen og Vilfred Kjær til den fyrste danske langteiknefilmet Fyrtøjet, i 1945.

Programposten «Barnetimeboka» var ein forfatterstafett der ein forfattar skreiv fyrste kapittel på ei historie som lyttarane sidan sende inn tekstforslag til nye kapitel til, ofte saman med teikningar. Alle bidrag vart premiert, og resultatet av dei beste bidraga kom i bokform, der ein del av overskotet av boksalet gjekk til eit godt føremål som borna hadde røysta over. Ei av bøkene, Toya, vart filmatisert med mellom anna den då populære barnestjerna Magne Ove «Spurven» Larsen i rolla som Trygve. I 2003 hadde Barnetimeboka 50-årsjubileum.

Blant programleiarane etter Lauritz Johnson og Sonni Holtedahl Larsen kan nemnast Helge Sverre Nesheim, Ragnhild Knagenhjelm, Ingrid Boman, Knut Røe, Frank Nordli og Jon Roar Tønnesen (fast teknikar og medprogramleiar), Svein Tore Andersen, Frank Tangen, Arnfinn Christensen (fast teknikar og medprogramskapar), Jon Henriksen (innførde namnet Lørdagsbarnetimen i 1992), Hege Omre, Webjørn S. Espeland, Vera Micaelsen og Marianne Furevold.

Ulikskapen i alder mellom store og små born gjorde at Barnetimen for dei minste, som opphavleg byrja i 1947 som «dagleg leikeinspirasjon», og fekk eigne opplesningsseriar for små born med Thorbjørn Egner frå 1951.

2000-talet endre

Programmet var framleis svært populært, med gjennomsnittleg 331 000 lyttarar kvar laurdag i dei fire fyrste månadane i 2009. Likevel lytta berre åtte prosent av målgruppa, som var born mellom tre og elleve år, til Lørdagsbarnetimen. Ni av ti lyttarar var vaksne, heile 80 % av lyttarane var 45 år eller eldre, og halvparten er over 60 år.[2]

NRK markerte aldri at Lørdagsbarnetimen vart lagt ned. Nedlegginga vart omtalt som «programomlegging», og siste program gjekk på lufta 11. september 2010.[3][4][5]

Kjelder endre