Lago Maggiore

(Omdirigert frå Lago di Maggiore)

Lago Maggiore (òg kalla Lago Verbano) er den vestlegaste av dei tre store innsjøane nord i Italia, og den nest største i landet etter Gardasjøen.

Lago Maggiore
innsjø
Land  Italia,  Sveits
Område Albanarfjella
Tilsig Ticino, Maggia, Toce, Tresa
Utløp Ticino
Nedslagsfelt 6 599 km²
Opphaldstid 4 år
Høgd over havet 193 moh.
Lengd 66 km
Breidd 10 km
Areal 212,5 km²
Middeldjupn 177,4 m
Største djupn 372 m
Koordinatar 45°57′N 8°38′E / 45.950°N 8.633°E / 45.950; 8.633
Øyar Brissagoøyane, Borromeanøyane
Byar Locarno, Luino,
Verbania, Arona
Kart
Lago Maggiore
46°05′53″N 8°42′53″E / 46.098055555556°N 8.7147222222222°E / 46.098055555556; 8.7147222222222
Kart over Lago Maggiore
Kart over Lago Maggiore
Kart over Lago Maggiore
Wikimedia Commons: Lake Maggiore
Santa Caterina del Sasso

Han har eit areal på 213 km², ei lengd på 54 km og er 12 km på det breiaste. Innsjøen er danna av isbrear og har eit volum på 37 km³.

Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ticino, Maggia, Toce og Tresa (som kjem frå Luganosjøen). Elvane Verzasca, Giona og Cannobino renn òg ut i innsjøen. Utsiget er Ticino som munnar ut i Po like søraust for Pavia.

Den ujamne breidda til innsjøen er omgjeve av fjella sør for Alpane i Piemonte og Lombardia. Den vestlege breidda høyrer til Piemonte (provinsane Novara og Provinsen Verbano-Cusio-Ossola) og den austlege til provinsen Varese i Lombardia. Dei nordlegaste områda av innsjøen strekker seg 13 km inn i Sveits, der han utgjer det lågastliggande området i heile Sveits.

Klimaet er mildt om både sommar og vinter og området har middelhavsvegetasjon med vakre hagar med sjeldne og eksotiske planter. Kjende hagar er mellom anna Isola Madre, Isola Bella og Isole di Brissago, Villa Taranto i Verbania og den botaniske hagen Alpinia ovanfor Stresa.


Byar og landsbyar ved innsjøen

endre
Sveits Piemonte Lombardi

Øyar

endre
 
Isola Bella


Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre