Opna hovudmenyen

Laila Gustavsen (fødd 24. oktober 1973 i Ringerike) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho voks opp i Kongsberg i Buskerud fylke. Ved stortingsvalet 2009 vart ho valt inn på Stortinget frå Buskerud. Opphavleg var ho fotterapeut fram til 1999, og har seinare jobba innan kommunal og statleg sektor i Kongsberg.

Laila Gustavsen
Fødd24. oktober 1973
Ringerike kommune
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Ho har politisk erfaring heilt frå 1987 innan Arbeidaranes Ungdomsfylking, og frå 1996 i Arbeidarpartiet. Ho var frå 2001 til 2009 varamedlem til Stortinget, og frå 2005 til 2009 statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

StortingskomitearEndra

BakgrunnsstoffEndra