Forsythsjøen

(Omdirigert frå Lake Forsyth)

Forsythsjøen (Lake Forsyth, av maoriar kalla Te Roto o Wairewa) er ein innsjøBankshalvøya i regionen CanterburyNew Zealand.

Forsythsjøen
innsjø
Lake Forsyth New Zealand01.JPG
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Tilsig Takiritawai River
Lengd 7,6 km
Breidd km
Areal 6,28 km²
Middeldjupn m
Største djupn m
Koordinatar 43°48′18″S 172°44′27″EKoordinatar: 43°48′18″S 172°44′27″E
Byar Little River
Wikimedia Commons: Lake Forsyth

Sjøen får tilførsle frå Takiritawaielva, ei kort grein av Okutielva, og renn ut i sjøen gjennom ein sandbanke i nærleiken av den vesle busetnaden Birdling's Flat.

Riksvegen State Highway 75 fører til Akaroa, og delar av fottur- og sykkelstien Little River Rail Trail følgjer den nordvestlege strandlinja til sjøen.

Wairewa var viktig som forsyning av ål som mat til det innfødde maorifolket. Avskoging av dei omliggjande åsane har ført til erosjon og oppslamming av sjøen. Han er vorten hypertrofisk, og dette har ført til eutrofiering med dårleg vasskvalitet.[1] Denne forverringa av vasskvaliteten har vore kjend sidan tidleg på 1900-talet. Så langt har freistnadar på å betra tilstanden hatt avgrensa suksess.

Lake Forsyth.

ReferansarEndra

  1. Crean, Mike (26 October 2007). «Rescuing a blighted Lake Forsyth». The Press. 

BakgrunnsstoffEndra