Lakselus
Lakselus | ||
| ||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Crustacea | |
Klasse: | Maxillopoda | |
Underklasse: | Copepoda | |
Familie: | Caligidae | |
Slekt: | Lepeophtheirus | |
Art: | L. salmonis | |
Vitskapleg namn | ||
Lepeophtheirus salmonis |
Lakselus er ein art i gruppa hoppekreps. Ho lever som parasitt på laks. Ho lever av slimet, huda og blodet til fisken.[1]
Hovudbryststykket er breitt og skjoldforma, og brukast som sugekopp. Bakkroppen er smalare, og hos hoene fylt med egg. Hoenes bakkropp har òg to lange eggsekker. Lakselusa nyttar føtene til å flytte seg rundt på verten eller symje.[2]
Livssyklusen består av ti trinn, med hudskifte imellom. I det frittsvømmande nauplius-stadiet har ho ei lengde på 0,54 til 0,85 mm.[3] I copepodit-stadiet er ho ca. 0,7 mm lang og angrip fisken. I chalimus-stadiet er ho 1,2 til 2,8 mm lang.
Lakselusa sug næring hjå fisken og veks til 5 mm lengde for hannane og 10 mm for hoene. Kvar generasjon tek ca. 6 veker ved ein temperatur på 10–12 °C
Det har vorte forska på arten i samanheng med problema den skapar i akvakulturen, men me veit lite om livet til lakselusa i naturen. Det har vorte synt at lakselus-infeksjonar i oppdrettsanlegg kan skape epizootiar hos ville fisk.
ReferansarEndra
BakgrunnsstoffEndra
- Lakselus – årsaker til økte forekomster og mulige konsekvenser på villfisk - regjeringen.no
- Liten fisk gjør stor nytte - sabima.no
- Ecological Genetics of Parasitic Sea Lice - st-andrews.ac.uk