Lars Jaastad (5. mars 18718. juni 1926) var ein norsk forfattar, lærar og ordførar frå Ullensvang herad, busett i Leirfjord i Nordland.

Lars Jaastad
Fødd 5. mars 1871
Død

8. juni 1926

Yrke skribent

Liv og virkeEndra

Lars Jaastad vaks opp på husmannsplassen Veneflot på Ytre Jåstad i Ullensvang i Hardanger. Mor hans,  Mari Oddmundsdotter, ætta frå Utne, og far hans, Birger Hauso, var frå Hauso. Då dei flytta til Veneflot tok Birger namnet Jaastad.

Lars Jaastad var einebarn. På skolen var han særs flink, og med økonomisk stønad frå bygdefolk og andre reiste han til Granvin der han gjekk på framhaldsskolen. Og i 1892 gjekk han på Ullensvang folkehøgskuleLofthus. Mellom lærarane der var blant anna Andreas Austlid.

Så reiste han til Elverum og tok eksamen på lærarskolen der i 1895. På Elverum gjekk han saman med Sven Moren som fortel at «Vi las skjønnlitteratur meir enn faglitteratur», og «sume av oss fuska og dikta litt sjølve òg».

Etter lærarskolen var Jaastad lærar i Bjerkreim på Jæren eitt år, men han treivst ikkje der og for til Farsund. I 1898 fekk han lærarpost i Leirfjord og flytta dit. Her slo han seg ned og blei buande så lenge han levde.

Jaastad kom tidleg med i kommunalt arbeid i Leirfjord. I 1916 blei han vald til varaordførar.[1]  Frå 1920 til han døydde i 1926 var han ordførar i Leirfjord kommune.[2]

Lars Jaastad var gift med Emma Marie Valberg (fødd 4. februar 1878) frå Øver-Valberg i Leirfjord. Dei møttest første gongen i Bergen mens Emma gjekk på eit vevkurs der.

Lars og Emma hadde fire barn: Tora (1899-1954, blei lærar og organist i Hundtorp), Mary (f.1902, gift Myrberget, budde i Sandnessjøen), Birger (1904-1984, lærar og forfattar, Leirfjord), og Olaug (1916-1999, gift med Ole Lading, busett i Mosjøen).

ForfattarskapEndra

Lars Jaastad debuterte alt i 1891 med Landsungdom, Ei forteljing som han gav ut på eige forlag på Voss.

«Men det varte tjue år til han stod fram som mogen kunstnar med Husmann og bonde, og no på Olaf Norlis forlag» (Bjarte Birkeland). I tillegg til Husmann og bonde (1911) er den viktigaste litterære innsatsen hans Linde og Røynsnes (1912), Dagleg braud (1915), Naalauga (1920) og Tre tun (1922). Dei skildrar livet i ein vestlandsfjord og brytingane mellom gammalt og nytt i bondesamfunnet.

Nordpå fann han emnet til forteljingane  Torvald Veidemann fraa Nordland (1913), Jakob Seisunde (1921), Utnesstova (1923) og Nedgangsskulen (1924).

I ein omtale i Syn og Segn i 1923 (side 474) skreiv Olav Midttun: «Lars Jaastad vinn etterkvart fram til eit godt rom i nynorsk dikting».[3] Og i 1924 skriv han dette i Syn og Segn (side 474): «Jaastad er ein bokmann som ikkje hev fenge det rom han fortener med bøkene sine.»[4]

Lars Jaastad skreiv også forteljingar i barne- og ungdomsblad, som Magne, Norsk Barneblad, Unglyden, For Bygd og By og Solvending (IOGTs julehefte). Og han skreiv også i lokalpressa, både Den 17de Mai, Gula Tidend og Bergens Tidende.

Lars Jaastad fekk eit lite forfattarstipend frå Stortinget, både i 1919[5] og 1923.[6]

LandsmålEndra

Jaastad skreiv på landsmål. I ei 50-årshelsing i Helgelands Blad 10. mars 1921 skriv avisa: «Jaastad er en stø forteller og rammende i sine skildringer og han er en av de som best mestrer landsmaalet blant de nynorske forfattere.»[7]

Bjarte Birkeland skriv dette om språket til Jaastad: «Målet til Lars Jaastad kan falle litt vanskeleg for lesarar utan kjennskap til vestlandske målføre.  Men innanfor si ramme er han ein kresen stilkunstnar. Han har eit fast bygdemål å byggje på, og ein høgt oppdriven lokal forteljetradisjon.»[8]

BibliografiEndra

  • Landsungdom. Voss (1891)
  • Til fjells. Dikt. «Unge Skuds forlag». Voss (1897) [1]
  • Gyrid Vaag. Forteljing. Kosta av «Unglyden»s bokhandel. Voss. (1903) [2]
  • Langframande. Spelstykke for ungdomslag. Voss (1904)
  • Geitosten. Spelstykke. Voss (1910)
  • Husmann og bonde. Folkeliv i ein vestlandsfjord. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1911) [3]
  • Linde og Røynsnes. Forteljing fraa ein vestlandsfjord. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1912) [4]
  • Torvald Veidemann fraa Nordland. Fortalt aat born. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1913) [5]
  • Dagleg braud. Folkeliv i ein vestlandsfjord. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1915) [6]
  • Rike Ragna. Soga fraa det trettande hundradaare. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1917) [7]
  • Naalauga. [Folkeliv i ein vestlandsfjord]. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1920) [8]
  • Jakob Seisunde. Hermt uppatt som Jakob fortalde aat gutane. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1921) [9]
  • Tre tun. Forteljing fraa ein vestlandsfjord. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1922) [10]
  • Utnesstova. Ei soga nordantil. Olaf Norlis forlag. Kristiania  (1923) [11]
  • Nedgangsskulen. Forteljing. Olaf Norlis forlag. Kristiania (1924) [12]
  • Husmann og bonde. Folkeliv i ein vestlandsfjord. 2. utgåva. Med etterord av Bjarte Birkeland. Fotografisk reproduksjon etter 1. utgåva 1911. Det Norske Samlaget. Oslo (1977) [13]

Småstykke i aviser og blad (lite utval)Endra

KjelderEndra

  1. Helgelands Blad 1916.12.21. Sandnessjøen. 1916. 
  2. Den 17de mai 1926.06.09. Oslo. 1926. 
  3. Syn og segn. Oslo: Samlaget. 1923. 
  4. Syn og segn. Oslo: Samlaget. 1924. 
  5. Stortingsforhandlinger. Oslo: [Forvaltningstjenestene]. 1920. 
  6. Stortingsforhandlinger. Oslo: [Forvaltningstjenestene]. 1924. 
  7. Stortingsforhandlinger. Oslo: [Forvaltningstjenestene]. 1924. 
  8. Jaastad, Lars (1977). Husmann og bonde : folkeliv i ein vestlandsfjord. Oslo: Samlaget. 

  • M.M. [Mari Myrberget?]: «Heimstad-diktaren Lars Jåstad (1871-1926)». Årbok for Helgeland 1971-1972. Helgeland historielag. Side 14-17.[16]
  • Bjarte Birkeland: "Etterord" i Lars Jaastad: Husmann og bonde. Det Norske Samlaget (1977), side 115-120. [17]
  • Jon Grepstad: "Lars Jaastad" alkunne.no [18]
  • Randi Jaastad: "Bokmannen Lars Jaastad".  Hardanger 1973, side 342-353. Hardanger historielag. Øystese. [19]
  • Øyvind Jenssen: "Forfatteren, læreren og helgelendingen Birger Jåstad", Årbok for Helgeland 2005, side 139-149. Helgeland historielag, Mosjøen [20]

BakgrunnsstoffEndra