Lars Ove Strømø

Lars Ove Strømø (fødd 7. mai 1963) er ein tidlegare mellom-og langdistanseløpar frå Stord i Hordaland. Han vart noregsmeister på 1500 meter i 1985, 1986 og 1989, dessutan vann han i perioden 1985-91 fire NM-gull i terrengløp. Strømø var etter tur medlem i Stord TIL, IL Fri, IF Minerva og SK Vidar.

Lars Ove Strømø


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. mai 1963 (60 år)
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1988

Alle Strømø sine livsbeste på 800 meter, 1500 m og 5000 m kom på Bislett stadion i Oslo. I 1985 stod han for norsk årsbeste-tid på 1500 meter med sine 3.38,7. Same året sanka han sitt fyrste av tre NM-gull, og dei neste sesongane sprang han på sitt beste årleg ned mot 3.40 på distansen. Frå 1988 satsa han mest på 5 000 meter og sette fyrst personbeste med 13.31,8 i Sandnes. Under Bislett Games den 2. juli fylgde han eit sterkt felt til sjuandeplass og norsk årsbeste på tida 13.20,7, fattige tre tidels sekund bak noregsrekorden. Om hausten braut Strømø kvalifiseringsløpet på 5 000 meter ved Sommar-OL 1988 i Seoul.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

Strømø vann elles NM-gull 1985, 1987 og 1989 i 3 km terrengløp og 1991 i 12 km terrengløp.

Personlege rekordar endre

  • 800 m: 1.48,86 (1983)
  • 1500 m: 3.38,7 (1985)
  • 5 000 m: 13,20,7 (1988)

Kjelder endre