Lasse Trædal

norsk politikar
Denne artikkelen handlar om stortingsrepresentanten. For forfattaren og læraren, sjå Lasse Trædal (1945-).

Lasse Torkelsson Trædal (20. desember 185714. oktober 1924) var ein norsk gardbrukar, skulemann og politikar frå Lavik i Sogn. Han var stortingsrepresentant for Venstre perioden 1900-03 og frå 1910 til 1918. Trædal var ein av dei leiande innanfor norskdomsrørsla, kjend som ein ihuga målmann og framifrå folketalar.

Lasse Trædal

Fødd20. desember 1857
Lavik kommune
Død14. oktober 1924 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Liv og gjerning endre

Trædal var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han Stord seminar, der han tok eksamen i 1878. Dei neste åra levde han eit omskifteleg liv. Han heldt folkehøgskulekurs i Brekke i Sogn og i Drangedal i Telemark, medan han vinteren 1879/80 gjekk Askov folkehøyskole i Danmark. Frå 1881 vikarierte han som lærar og kyrkjesongar i Eid i Nordfjord. Medan han budde på Eid, var han med å stifte amtet sitt folkevæpningssamlag, og var formann for dette frå 1882 til han flytta ut av amtet. Han var deretter i kort tid lærar ved ein privatdriven landbruks- og folkehøgskule i Akershus amt. I vel fire år, 1884-88, var han styrar ved Alvheim folkehøgskule i Smaalenene. Deretter dreiv han folkehøgskule på Oppdal i eitt år og i Ulvik i to år.

I 1891 tok Trædal over farsgarden i Lavik, og dreiv denne til han døydde. Han var medlem av heradsstyret i Lavik frå 1894, ordførar frå 1905 til 1913. Trædal var styreformann i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe 1895-97, og sidan revisor for reiarlaget.

Trædal vart vald inn på Stortinget i 1900, som andre-representant for Nordre Bergenhus og partiet Venstre. På Tinget var han medlem av protokollkomiteen. Etter å ha vore ute av Stortinget i to periodar, var han valkrinsen Ytre Sogn sin representant i tre samanhengande treårsbolkar, 1910-18. I 1910 måtte han elles gjennom nytt val før han kunne møte 28. februar, ettersom det fyrste valet vart forkasta. Han var medlem av kontrollkomiteen frå 15. april 1910. Tingperiodane 1913-15 og 1916-18 var han nestformann i kyrkjekomiteen.

På Stortinget kjempa Trædal for folkedanning og demokratisering av skulestellet. Særleg stod han i fremste rekke, saman med Aasulv Bryggesaa og Olav Andreas Eftestøl, då offentlege landsgymnas vart etablert i åra frå 1916. I debatten om landsgymnas hevda Trædal at ein ville få «eit embetstand, som kjenner landsens tankegang, som fraa fyrst av hev liva landsens liv, og difor kan hjelpa til, at det kann verta større og rikare», embetsmenn «runnet av sama rot, som det folk dei skal arbeida med er runne av». Slik kunne vi bli «eit folk», «kjenna oss som eitt, embetsmann, byborgar og bonde».[1]

Kjelder endre

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre