Olav Andreas Eftestøl

Olav Andreas Eftestøl (6. august 186316. april 1930) var ein norsk skulemann og politikar frå Fjotland i Aust-Agder. Han var 1906-15 stortingsmann for Arbeiderdemokratene i Hedmark, og skuledirektør for Hedmark og Oppland frå 1907 til han døydde.

Olav Andreas Eftestøl

Fødd6. august 1863
Fjotland
Død16. april 1930 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeiderdemokratene
Yrkepolitikar, pedagog, redaktør
Alle verv

Eftestøl var fødd på garden i Fjotland med same namn, der faren var sjølveigande gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Kristiansand i 1882. Dei neste åtte åra var han lærar i folkeskulen, i Hægebostad og i Hedrum. Åra 1890 til 1894 var han lærar ved Elverum privatskule, styrar dei tre siste åra. I året 1892 opna han Elverum lærarskule, ein skule han styrte til 1907. Frå 1907 var han skuledirektør i Hamar stift, den fyrste skuledirektøren i landet utan akademisk utdanning og teologisk embetseksamen.

I åra 1900 til 1906 var Eftestøl formann i Hedemarkens amts arbeiderforening. Han var ordførar i Elverum frå 1902 til 1907, samt formann i skulstyret i ei rekke av år. Hausten 1906 vart han vald inn på Stortinget frå einmannskrinsen Søndre Østerdalen, som representant for Arbeiderdemokratene. Han vart attvald både ved valet i 1909 og i 1912. Eftestøl var medlem av sosialkomiteen 1906-09, nestformann 1908 og formann 1908-09. Dei to siste treårsbolkane var han medlem av kyrkjekomiteen, formann i denne frå 1913. Frå 1913 var han også visepresident i Stortinget.

Eftestøl skreiv mange avisartiklar om skulespørsmål og gav ut bøker om folkeskulen på bygdene og om lærarutdanning. På Stortinget var han ein pådrivar for landsgymnaset, og for ein folkeskule som kunne føre elevar heilt til topps i utdanningssystemet. Han var elles mykje nytta til talar.

Han døydde på Kongsvinger, på reisefot til Skarnes.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre