Lavik kyrkje
kyrkje i Høyanger kommune
Lavik kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1865 i bygda Lavik på nordsida av Sognefjorden i Høyanger kommune i Vestland.
Lavik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Høyanger | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Sunnfjord | ||
Sokn | Lavik | ||
Fellesråd | Høyanger | ||
Type | Oktagon kyrkje | ||
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch | ||
Teknikk | Tømra | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 10. desember 1865 | ||
Lavik kyrkje 61°06′19″N 5°30′28″E / 61.1052°N 5.5077°E | |||
Wikimedia Commons: Lavik kirke |
Kyrkja vart ført opp etter teikningar av arkitekt Christian Heinrich Grosch og er i tre.
Dagens kyrkje er den tredje kjende på staden. Den fyrste var ei stavkyrkje som truleg var frå 1100-talet. Stavkyrkja vart avløyst av ei ny kyrkje i 1594, denne var vorten for lita på 1860-talet og vart riven for å gje plass til dagens kyrkje.
Kyrkja er soknekyrkje i Lavik sokn i Sunnfjord prosti. Før 1807 låg kyrkja under Eivindvik prestegjeld og fram til prestegjelda vart fasa ut frå 2004 låg ho i Lavik prestegjeld.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Lavik kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
- «Lavik kyrkje» på NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971
Bakgrunnsstoff
endre- Om Lavik kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen[daud lenkje]
- Om Lavik kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- Lavik kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Lavik kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.