Tivoli i Italia

kommune i Italia

Tivoli (i antikken Tibur) er ein by i provinsen Roma i regionen Lazio i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 30 km frå Roma ved fossefalla til elva Aniene og Sabineåsane. Herfrå har ein flott utsyn over Campagna Romana.

Tivoli
Utsyn over Tivoli
Utsyn over Tivoli
Utsyn over Tivoli
Plassering
Tivoli i Italia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lazio
Roma
Borgarmeister Marco Vincenzi
Geografi
Flatevidd
 - By

68 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

51 880
  762/km²
Koordinatar 41°57′N 12°48′E / 41.950°N 12.800°E / 41.950; 12.800
Høgd over havet 235 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 00019
Telefon-retningsnummer 0774
Nettstad: www.comune.tivoli.rm.it

Historie endre

I følgje Cato den eldre sitt verk Origines skal byen ha vorte grunnlagd av arkadiaren Catillus, son av Amphiaraus, som kom her etter å ha sloppe unna massakren ved Theben (Thíva) i Hellas. Catillus og dei tre sønene hans, Tiburtus, Coras og Catillus, dreiv bort sicularane frå Anieneplatået og grunnla ein by dei kalla Tibur til ære for Tiburtus. I følgje meir historiske kjelder vart Tibur i staden grunnlagd som ein koloni for Alba Longa. Historiske spor etter busetnadar går tilbake til 1200-talet fvt.

Frå etruskarane si tid var Tibur ein sabinsk by og setet for den tiburtinske sibylla. Det ligg to små tempel oppfor falla, rotunden er tradisjonelt assosiert med Vesta og det rekatangulære med sibylla av Tibur.

Gjennom antikken var Tibur forholdsvis viktig sidan han låg langs romarvegen Via Tiburtina.

Romartida endre

 
Landskap med Vesta-tempelet i Tivoli av Adam Elsheimer, om lag 1600

I starten var Tibur ein alliert av Roma, men allierte seg så med gallarar i 361 fvt. Ein har funne spor av bymurar på denne tida, i opus quadrata. I 338 fvt. vart derimot Tibur slått og tatt av romarane. Innbyggjarane fekk romersk borgarskap i 90 fvt. og vart ein feriestad kjend for vakker natur og overflod av godt vatn. Det vart derfor bygd fleire romerske villaer. Den mest kjende, som det finst ruinar av, er Villa Adriana (Hadrian sin villa). Maecenas og Augustus hadde òg villaer i Tibur og diktaren Horats hadde ein liten villa. I 273 vart Zenobia, dronninga av Palmyra som romarane hadde fanga, flytta hit av keisar Aurelian.

 
Fossefalla ved Tivoli av Christian Wilhelm Ernst Dietrich, 1745–1750.

Namnet på byen endra seg etter kvart til Tiburi i staden for Tibur og så omforma til Tibori, Tiboli og til slutt Tivoli, men innbyggjarane vert framleis kalla tiburtini og ikkje tivolesi.

I 547 under gotarkrigen vart det bygd festningsverk i byen av den austromerske generalen Belisarius, men desse vart seinare øydelagd av hæren til Totila. Mot slutten av krigen vart byen eit austromerske hertugdøme, som seinare vart innlemma i Kyrkjestaten. Etter Italia vart erobra av Karl den store vart Tivoli eit grevskap under keisaren.

Mellomalderen endre

Frå 900-talet og framover var Tivoli ein sjølvstyrt kommune styrt av valde konsular og var den argaste rivalen til Roma i kampen om å få kontroll over dei fattige og sentrale områda av Lazio. Keisar Otto III erobra byen i 1001 og Tivoli kom under Kyrkjestaten sin kontroll. Tivoli klarte likevel å halde eit visst nivå av sjølvstyre fram til 1400-talet. Symbol på byen sin styrke var Arengopalasset, Torre del Comune og St. Mikael-kyrkja, som alle vart bygd i denne perioden, i tillegg til nye bymurar etter at byen vart utvida og nye hus vart bygd.

På 1200-talet klarte Senatet i Roma å pålegge byen ein skatt og tok på seg retten til å utnemne ein greve til å styre han i lag med dei lokale konsulane. På 1300-talet tok Tivoli Welf si side og støtta pave Urban VI mot motpave Clement VII. Kong Ladislaus av Sicilia vart to gonger kasta ut av byen, og det same vart den kjende condottiero Braccio da Montone.

 
Pius II sin Rocca Pia, ikkje ein villa.

Renessansen endre

I renessansen bygde ikkje berre pavane og kardinalane nye bygg i Roma, men reiste òg fleire flotte byggverk i Tivoli òg. I 1461 bygde pave Pius II ein massiv festning, Rocca Pia, for å kontrollere innbyggjarane som stadig var i opprør, og som eit symbol på at paven hadde makta over byen.

Frå 1500-talet vart det bygd fleire villaer rundt Tivoli. Den mest kjende av desse er Villa d'Este, starta i 1549 av Pirro Ligorio for kardinal Ippolito II d'Este og som vart rikt dekorert med fresker av Zuccari-brørne og andre. I 1527 vart Tivoli plyndra av bandar som støtta Karl V og Colonna, og viktige arkiv vart øydelagd under åtaket. I 1547 vart han igjen okkupert, denne gong av hertugen av Alba i krigen mot pave Paul IV, og i 1744 av austerrikarane.

 
Ein del av Tivoli og omgjevnadane sett frå dei øvre terrassane av Villa d'Este.

Moderne tid endre

Tivoli blei kjend som ein stilfull ferieby, særleg for parkane rundt Villa d'Este. Dette førte til bruken av tivoli-namnet fleire andre stader i verda. Wörlitz-synagogue i Dessau-Wörlitz Garden Realm i England er ein kopi av Vesta-tempelet i Tivoli.[1]

I 1835 bygde pave Gregorius XVI Villa Gregoriana, eit villakompleks rundt Anienefalla. Ein «stor foss» vart danna av ein tunnel i Monte Catillo slik at vatnet frå Anine ikkje skulle føre til flaum i byen, slik som den katastrofale flaumen i 1826.

I 1944 vart Tivoli hardt råka av dei allierte sine bombetokt og jesuittarkyrkja vart totalt øydelagd.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Rachel Wischnitzer, Architecture of the European Synagogue, Jewish Publication Society, 1964, pp. 158–9