Opna hovudmenyen
Le Noise
Studioalbum av Neil Young
Utgjeve 28. september 2010
Innspelt 2010
Studio Le Noise i Los Angeles i California (heimen til Daniel Lanois)
Sjanger Folkrock, garasjerock, eksperimentell rock
Lengd 37:59
Selskap Reprise
Produsent Daniel Lanois
Neil Young-kronologi
Dreamin' Man Live '92
(2009)
Le Noise A Treasure
(2011)


Le Noise er det 34. albumet til Neil Young, gjeve ut 28. september 2010. Albumet vart spelt inn i Los Angeles og produsert av Daniel Lanois (tittelen er eit ordspel på etternamnet hans).[8]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
BBC Online(positiv)[2]
Guardian4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Pitchfork(7.6/10)[4]
PopMatters(9/10)[5]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Slant4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[7]

Innhaldsliste

InnspelingEndra

Young ringde først til Daniel Lanois tidleg i 2010 med ønske om å lage eit akustisk album, etter å ha sett videoar på Internett der Lanois og lydteknikaren Mark Howard arbeidde på Black Dub. Innspelinga fann stad i eit mellombels studio i huset til Lanois i Silverlake. Då dei prøvde å spele inn «Hitchhiker», ein song Young skreiv i 1970-åra, kjende Young at det ville passe betre å spele elektrisk gitar. To songar, «Love and War» og «Peaceful Valley Boulevard», vart verande i akustisk form, medan resten vart spelt inn med elektrisk gitar. Howard og Lanois brukte dub-teknikkane dei hadde utvikla medan dei arbeidde på Black Dub. Dette skapte ein markant gitarlyd av Young, som spelte på ein Gretsch White Falcon med stereo-pickups gjennom to Fender Deluxe-forsterkarar og ein Eventide H3500 subharmonisk generator. Både gitar og røyst vart handsama med forseinkingseffektar frå Lexicon Prime Time og TC Electronics Fireworks. Lanois og Howard brukte effektane i sanntid og Young kunne høyre resultatet gjennom monitorane. Howard sa «når du stod i midten av rommet så var det den beste lyden du nokon gong har høyrt. Det var utruleg. Me hadde høgtalarane på fullt og når du tok på veggane så rista dei. Det var nesten som eit jordskjelv! Neil pressa oss og sa 'Hei karar, det er flott, men ta det opp eit hakk. Gje meg meir av det!' Så etter innspelingane gjekk me inn der igjen med dei fleste songane og fanga visse ord og uttrykk og dubba dei».[9]

Den originale versjonen av «Hitchhiker», spelt inn i 1976, kom ut i 2017 på arkivalbumet Hitchhiker.

UtgjevingEndra

Den 20. august skreiv Young på Facebook at utgjevinga skulle kome i forskjellige format, som BD og ein app for iPhone og iPad) og skreiv òg at det var berre han som spelte på albumet.[10] Le Noise kom ut 2. september og det vart laga ein svartkvit film av alle songane, filma i studio av Adam CK Vollick. Desse kom ut på YouTube og på DVD. Videoar for «Angry World»[11], «Hitchhiker»[12], «Love And War»[13] og «Walk With Me»[14] hadde première separat før albumet kom ut.

Songen «Angry World» vann Grammyprisen for beste rockesong av ein soloartist.[15]

MottakingEndra

Le Noise fekk generelt positive meldingar og Uncut kåra det til det nest beste albumet i 2010 på Topp 50-lista si for det året. På ei tilsvarande Topp 30-liste for 2010 i Rolling Stone hamna albumet på 20. plassen.[16]

Albumet gjekk til andreplassen på den kanadiske albumlista og selde over 10 000 eksemplar.[17] I Noreg nådde albumet tredjeplassen og i USA 14. plassen.

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Neil Young

# Tittel Lengd
1. «Walk with Me»   4:25
2. «Sign of Love»   3:58
3. «Someone's Gonna Rescue You»   3:29
4. «Love and War»   5:37
5. «Angry World»   4:11
6. «Hitchhiker»   5:32
7. «Peaceful Valley Boulevard»   7:10
8. «Rumblin'»   3:39

MedverkandeEndra

  • Neil Young - gitar, vokal
Teknisk

SalslisterEndra

KjelderEndra

  1. «Le Noise - Neil Young». AllMusic.com. Henta 18. mars 2019. 
  2. «Music - Review of Neil Young - Le Noise». BBC. Henta 18. mars 2019. 
  3. Alexis Petridis (2010-09-24). «Neil Young: Le Noise | CD review | Music». London: The Guardian. Henta 18. mars 2019. 
  4. «Album Reviews: Neil Young: Le Noise». Pitchfork. 2010-10-01. Henta 18. mars 2019. 
  5. Gassmann, David. «Neil Young: Le Noise < PopMatters». Popmatters.com. Henta 18. mars 2019. 
  6. David Fricke (2010-09-27). «Le Noise by Neil Young | Rolling Stone Music | Music Reviews». Rollingstone.com. Henta 18. mars 2019. 
  7. «Neil Young: Le Noise | Music Review». Slant Magazine. Henta 18. mars 2019. 
  8. Neil Young announces new Daniel Lanois-produced album NME.com, 21. august 2010
  9. «Daniel Lanois & Mark Howard: Recording Neil Young's Le Noise». Sound On Sound. Henta 10. desember 2018. 
  10. «Facebook, by Neil Young on Friday, 20. august 2010». Facebook.com. Henta 18. mars 2019. 
  11. ««Angry World» video on». Stereogum.com. 2010-09-14. Henta 18. mars 2019. 
  12. ««Hitchhiker» video on». Pitchfork.com. Henta 18. mars 2019. 
  13. ««Love And War» video on». Youtube.com. Henta 18. mars 2019. 
  14. ««Walk With Me» video on». Youtube.com. Henta 18. mars 2019. 
  15. «National Academy Of Recording Arts & Sciences, Inc» (PDF). Henta 18. mars 2019. 
  16. «The 30 Best Albums of 2010». Rolling Stone (25. desember 2010). Henta 18. januar 2011.
  17. Williams, John (2010-10-06). «Neil Young makes chart noise | Music | Entertainment». Winnipeg Sun. Henta 18. mars 2019. 
  18. 18,0 18,1 «Chart listing for Le Noise». Billboard. Henta 10. oktober 2010. 
  19. «Billboard - Music Charts, News, Photos & Video». billboard.com. 
  20. «:: MTV | Album Top 50 KW 5 | charts». Mtv.de. 2011-01-07. Arkivert frå originalen 2010-05-28. Henta 18. mars 2019. 
  21. «UK chart listing for Le Noise». UK Albums Chart. Henta 4. november 2016. 

BakgrunnsstoffEndra