Leon «Ndugu» Chancler
Leon «Ndugu» Chancler (fødd 1. juli 1952) er ein jazzfunk-trommeslagar, perkusjonist, studiomusikar, komponist og produsent frå Louisiana i USA.
Leon «Ndugu» Chancler | |||
| |||
Fødd | 1. juli 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Shreveport i Louisiana i USA | ||
Dødsstad | Los Angeles | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Jazz, jazzfusion, pop, blues, funk | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, synthesizerar | ||
Tilknytte artistar | Weather Report | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent, lærar |
Chancler kom frå Shreveport i Louisiana og byrja å spele trommer då han var tretten år gammal. På high school spelte han med Willie Bobo and the Harold Johnson Sextet. Chancler fekk universitetsgrad i musikk ved California State University, Dominguez Hills, og hadde då alt spelt med Gerald Wilson Big Band, Herbie Hancock,[1] og spelt inn musikk med Miles Davis, Freddie Hubbard og Bobby Hutcherson, blant andre.
Chancler arbeidde ofte som studioperkusjonist. Han er å høyre på mange hitplater frå jazz til blues til pop, mellom anna Michael Jackson sin «Billie Jean».[2] Chancler har òg arbeidd med Stanley Clarke, Jean-Luc Ponty, Donna Summer, George Duke, Patrice Rushen, Carlos Santana, Hubert Laws, The Crusaders, Frank Sinatra, Weather Report, Lionel Richie, George Benson, The Temptations, Tina Turner, Kenny Rogers, Thelonious Monk, Herbie Hancock, John Lee Hooker og andre.
I 2006 vart han assisterande professor på jazzstudiet ved University of Southern California[2] og lærar ved Stanford Jazz Workshop i California.[3]
Chancler er medlem av Percussive Arts Society[4] og har blitt kåra til ein av dei 25 beste trommeslagarane i verda[treng kjelde].
Diskografi
endreMed Miles Davis
- Miles Davis at Newport 1955-1975: The Bootleg Series Vol. 4 (Columbia Legacy, 2015)
Med Eddie Harris
- Excursions (Atlantic, 1966–73)
Med Hampton Hawes
- Universe (Prestige, 1972)
- Blues for Walls (Prestige, 1973)
Med Harold Land
- Damisi (Mainstream, 1972)
- Choma (Burn) (Mainstream, 1972)
Med Azar Lawrence
- Bridge into the New Age (Prestige, 1974)
Med Julian Priester
- Love, Love (ECM, 1973)
Med Lalo Schifrin
- No One Home (Tabu, 1979)
Med Weather Report
- Tale Spinnin' (Columbia, 1975)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leon "Ndugu" Chancler» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wynn, Ron. «Leon «Ndugu» Chancler: Biography». Allmusic. Henta 22. april 2016.
- ↑ 2,0 2,1 «Ndugu Chancler». University of South California. Arkivert frå originalen 26. februar 2010. Henta 22. april 2016.
- ↑ «2010 Faculty». Stanford Jazz Workshop. Arkivert frå originalen 27. april 2010. Henta 22. april 2016.
- ↑ «Leadership». Percussive Arts Society. Arkivert frå originalen 20. juni 2010. Henta 22. april 2016.