Gudbrandsdølen
- Denne artikkelen handlar om slåtten. For avisa, sjå Gudbrandsdølen Dagningen.
Gudbrandsdølen eller Gyllar-Jørn er ein slått som hovudsakleg har vore spela i Telemark. Slåtten går i tidssignaturen 6/8, og er i tradisjon etter Håvard Gibøen som for det meste funne i Dale-spelet etter han.
Generelt
endreNamnet
endreNamnet Gyllar-Jørn er etter ein sylvsmed frå Gudbrandsdalen som forsikring i Telemark og forgylte søljer for folk. Det skriv seg frå eit slengjestev:
- Kjenner du rett til han Gudbrandsdølen
- Åt opp maten og drakk opp ølet,
- Låg med jenta på bakstefjøle (Rauland).
eller:
- Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
- sala hesten og ridde på stølen
- Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
- Ville gifte seg, ikkje tør`n.
- Gudbrandsdølen, gudbrandsdølen,
- åt upp dravlen og drakk upp ølet (Tinn).
Variantgruppa
endreSlåtten er katalogisert som nr 110 i band I av hardingfeleverket. Tre variantar er frå Vest i Telemark, og fire frå aust. Lars Hovden kunne to variantar av slåtten, og Johannes og Gunnar Dale spela begge i tradisjon etter bestefaren Knut Dale. Både Dale og Hovden har slåtten etter Håvard Gibøen. Slåtten var og nytta av Svein Løndal og Eilev Smedal.
- a: Gudbrandsdølen/Gyllar-Jørn, etter Lars Hovden, Høydalsmo, Lårdal [1][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1932 om lag (Ø 78).
- b: Gudbrandsdølen, etter Lars Hovden, Høydalsmo [2][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1932 (G 1020). Hovden hadde denne forma etter Kjetil Håvardsson, son av Håvard Gibøen. Variantane a og b skriv seg frå to ulike kjelder.
- c: Gyllar-Jørn, etter Gunnar Dale, Tinn [3][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1930 (Ø 396).
- d: Gyllar-Jørn, etter Johannes Dale, Tinn [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 (G 1004). Både Johannes og Gunnar hadde slåtten etter morfaren Knut Dale. Brørne former ut slåtte noko ulikt. Varianten etter Gunnar har nokre tak som slenger inn på Jenta med garde.
- e: Gudbrandsdølen, etter Olav R. Berge og Aslaug Rikardsdotter Groven, Rauland [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1918 (G 614a). Det var Aslaug, mor til Eivind, som song stevet om Gudbrandsdølen. Groven song sjølv inn stevet for NRK på eldre dagar. Dette er og den knappaste forma.
- f: Gudbrandsdølen, etter Mattis M. Kleppen, Sauland [6][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter minne (G 614c). Groven lærte slåtten alt i 1920, men skreiv han ikkje opp før 1955. Kleppen byrjar ulikt dei andre formene, som for det meste byrjar nede på tersen.
Supplementsform
endreNr 166: Knebukseslåtten, etter Kjetil Løndal, Tuddal. Nedskrift Eivind Groven 1970 (G 1895). Slåtten er i form etter Ole Kolsrud frå Heddal, og Løndal lærte han av Anund Haugan frå Heddal.