Lesja kyrkje
Lesja kyrkje er ei krosskyrkje frå 1750 i Lesja kommune i Innlandet fylke.
Lesja kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Lesja | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Nord-Gudbrandsdal | ||
Sokn | Lesja | ||
Fellesråd | Lesja | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Ola Fredriksson Hole[1] | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1750 | ||
- Endringar | Restaurert 1901 og 1925 | ||
Tårn | Sentraltårn | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Jakob Klukstad, 1742–45 | ||
Altartavle | Jakob Klukstad, 1766 | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Diverse | Korskranke av Klukstad. Takmåleri av Ragnvald Einbu. | ||
![]() Lesja kyrkje | |||
Wikimedia Commons: Lesja kirke | |||
Byggverket er ei lafta tømmerkyrkje og har 300 plassar.[2] I dei fleste prestegjelda i Gudbrandsdalen vart det sett opp nye kyrkjer på 1700-talet, etter at kongen selde kyrkjene på auksjon i 1723. Alle kyrkjene vart kjøpt av bygdefolket. Dei nye kyrkjene var lafta krosskyrkjer. Det må ha vore den nye domkyrkja i Kristiania, Vår Frelsers kyrkje frå 1690-åra, som var førebiletet. Dei store soknekyrkjene i Gudbrandsdalen er godt proporsjonerte. Den eine krossarmen utgjer koret, skilt frå skipet med eit korskilje, vanlegvis krona med kongens monogram med to løver.
BiletgalleriEndra
Kyrkja ligg på ein slakk haug midt i dalen omgitt av sletter som tidlegare var botnen av Lesjavatna.
Prestegarden ligg sør for kyrkja.
FotnotarEndra
- ↑ Lokalhistoriewiki fortel at byggmester Ola Fredriksson (ca. 1711–69) var frå Nistugu på Sør-Hole i Lesja. Patronymet vert som oftast forkorta til Frekson. Han skal òg (seier jubileumsboka om kyrkja) ha vore ein framifrå smed.
- ↑ Lesja kyrkje på Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-03-01 ved Wayback Machine. lese på nett 2. april 2013.
BakgrunnsstoffEndra
- Lia, Olav, red. (1999). Lesja kyrkje 1750-2000. Lesja Sokneråd ved Skriftnemnda / Snøhetta forlag. ISBN 82-91375-12-7.
- Sørmoen,Oddbjørn; Havran, Jiri (2001). «Lesja kirke». Kirker i Norge, bind 2: 1700-tallet. Skjønnhetens århundre. Oslo: ARFO. s. 66-71. ISBN 978-82-91399-10-7 Check
|isbn=
value: checksum (hjelp). - Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 606. ISBN 82-7527-022-7.
- Kunsthistori.com – Lesja kirke
- Lokalhistoriewiki – Lesja kyrkje
- «Lesja kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Lesja kommune – Kirker Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- Lesja kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren