Frogner kyrkje, prostikyrkja i Lier prosti.
Foto: Hans A. Rosbach

Lier prosti var eit tenestedistrikt i Tunsberg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femna kommunane Hurum, Lier og Røyken.[1]Prosten hadde sete i Lier kor Frogner kyrkje var prostikyrkje.[2] Ved kommunereforma 1.1.2020 vart Hurum og Røyken slegne saman med Asker kommune (og Asker prosti), og Lier kommune vart igjen ein del av Drammen prosti.[3]

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.

Sokn i Lier prosti før nedleggingaEndra

  • Hurum med
    • Filtvet/Tofte sokn
    • Hurum sokn
    • Kongsdelene sokn
  • Lier med
    • Frogner sokn
    • Sjåstad sokn
    • Sylling sokn
    • Tranby og Lierskogen sokn
  • Røyken med
    • Røyken sokn
    • Slemmestad og Nærsnes sokn
    • Åros sokn

Tidlegare prestegjeld og soknEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Lier prosti frå Den norske kyrkja
  2. Frogner kyrkje, Lier frå Kyrkjesøk
  3. «Protokoll Tunsberg bispedømmeråd 7/3-2019 (sak 18/19)» (PDF). «Menighetene/soknene i Lier kirkelige fellesrådsområde i nåværende Lier prosti overføres til Drammen prosti.»