Lights Off
«Lights Off» Song av We Are Domi | ||
Land | Tsjekkia, Noreg | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 6. desember 2021 | |
Sjanger | Indiepop, elektropop | |
Lengd | 02:59 | |
Låtskrivar(ar) | Einar Eriksen Kvaløy, Abigail Frances Jones, Dominika Hašková, Casper Hatlestad, Benjamin Rekstad |
---|
«Lights Off» (norsk omsetjing 'ljosa av') er ein indiepopsong frå 2022 med den norsk-tsjekkiske gruppa We Are Domi. Songen var det tsjekkiske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen
endre«Lights Off» vart skriven i september 2021 under låtskrivarsamlinga Songwriting Camp CZ i Tsjekkia.[1] På oppdrag frå det norske selskapet Arctic Rights Management drog den norske produsenten Einar Eriksen Kvaløy til leiren, der han traff på bandet We Are Domi, som består av dei norske musikarane Casper Hatlestad og Benjamin Rekstad og den tsjekkiske vokalisten Dominika Hašková. Saman med den britiske låtskrivaren Abigail Frances Jones jobba dei heile dagen med å lage ein song. Etter dette bestemte dei seg for å bruke kvelden på å skrive ein låt til, og denne låten var «Lights Off».[1]
«Lights Off» handlar om å kome seg vidare etter eit kjærleiksbrot, trass alle sorger, anger og fortviling.[2]
I oktober vart «Lights Off» plukka ut til å delta i den tsjekkiske songtevlinga Eurovision Song CZ 2022, der vinnaren fekk representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2022. Kvaløy flaug tilbake til Praha for å gjere låten ferdig og produsere han.[1]
Eurovision Song Contest
endreEurovision Song CZ 2022 vart arrangert av kringkastaren Česká televize i desember 2021. Sju bidrag deltok, og vinnaren vart kåra av ein kombinasjon av ein internasjonal jury på tolv personar, ein internasjonal internettavrøysting og ei telefonavrøysting blant tsjekkiske tv-sjåarar. «Lights Off» vann dei to fyrste, men kom på fjerdeplass hos dei tsjekkiske tv-sjåarane. Trass dette vann songen samanlagt og vart det tsjekkiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[3]
I Eurovision Song Contest deltok «Lights Off» i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Songen enda på fjerdeplass av 18 bidrag i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen var bidraget det fyrste ut på scena og enda til slutt som nummer 22 av 25 med 38 poeng.[4]
Listeplasseringar
endreListe (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Litauen (AGATA)[5] | 43 |
Storbritannia (UK Download (OCC) [6] | 27 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[7] | 4 |
Tsjekkia (Rádio – Top 100)[8] | 17 |
Tsjekkia (Rádio – Top 50 CZ)[9] | 5 |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Kristiane Lunde (7. januar 2022). «Flere norske samarbeid til Eurovision 2022». musicnorway.no (på norsk bokmål). Henta 16. mars 2022.
- ↑ «"Where are you now?" – We Are Domi's "Lights Off" lyrics are about moving on from a break-up». wiwibloggs (på engelsk). 6. januar 2022. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «Czech Republic: We Are Domi wins ESCZ and will sing "Lights Off" at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 16. desember 2021. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «We Are Domi - Czech Republic - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ «2022 20-os savaitės klausomiausi (TOP 100)». Agata (på litauisk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 20 May 2022–26 May 2022». www.officialcharts.com (på engelsk). Official Charts Company. 26. mai 2022. Henta 19. juni 2022.
- ↑ «Veckolista Heatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan (på svensk). Henta 19. juni 2022.
- ↑ «ČNS IFPI – Lights Off». hitparada.ifpicr.cz. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «CZ - RADIO - TOP 50 CZ WE ARE DOMI Lights Off». hitparada.ifpicr.cz. ČNS IFPI. Henta 19. juni 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Lights Off» frå Wikipedia på bokmål, den 7. desember 2022.