We Are Domi

norsk-tsjekkisk band

We Are Domi, også kjent som DOMI, er eit norsk-tsjekkisk elektropopband, skipa i 2018 og med base i Praha i Tsjekkia.[1] Bandet består av frontvokalist Dominika Hašková, dottera til den tidlegare ishockeyspelaren Dominik Hašek, gitarist Casper Bjelland Hatlestad frå Stavanger og keyboardist Benjamin Rekstad frå Nesodden.[2][3]

We Are Domi

Aktiv2018–
Sjangerelektropop, skandinavisk pop

I desember vann We Are Domi ESCZ 2022, den tsjekkiske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «Lights Off». Dei representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2022 med same låt.[1]

Bakgrunn

endre

We Are Domi vart skipa i 2018 i Leeds i Storbritannia. Bandmedlemmane er frå Tsjekkia og Noreg.[4] Dei tre møtte kvarandre då dei studerte jazzmusikk ved Leeds Conservatoire.[2][5] Bandet er kjent for energifulle framsyningar og blandar ulike sjangrar som dance, elektropop og skandinaviskinspirert pop.[1] I august 2020 flytta bandet frå Storbritannia til Tsjekkia, på grunn av dei strenge koronavirusrestriksjonane i Storbritannia.[3]

Eurovision Song Contest 2022

endre

Hausten 2021 vart We Are Domi kunngjort som eitt av sju bidrag i den tsjekkiske musikktevlinga ESCZ 2022. Tevlinga vert arrangert av kringkastaren Česká televize og er det tsjekkiske svaret på norske Melodi Grand Prix. Vinnaren av ESCZ 2022 fekk dimed representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2022. Vinnaren vart kåra gjennom ein kombinasjon av ein internasjonal jury (50 prosent), internasjonale sjåarar (25 prosent) og tsjekkiske sjåarane (25 prosent). Sjåarane kunne røyste mellom 7. og 15. desember gjennom den offisielle Eurovision Song Contest-appen.[6]

Torsdag 16. desember 2021 kunngjorde kringkastaren at bandet We Are Domi hadde vunne ESCZ 2022 med til saman 21 poeng.[1] Bandet var favoritt hos juryen og dei internasjonale sjåarane, men vart nummer fire blant dei tsjekkiske sjåarane.[3]

I Eurovision Song Contest i Torino deltok We Are Domi i den andre semifinalen torsdag 12. mai. Bandet var siste deltaker ut på scena og enda på fjerdeplass. Dei kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. Der opna dei showet og enda til slutt på en 22. plass av 25 deltakarar.[7]

Besetning

endre

Medlemmar i bandet sidan skipinga i 2018:

  • Dominika Hašková (f. 1995) – vokal
  • Casper Bjelland Hatlestad (f. 1994) – gitar/bogegitar
  • Benjamin Rekstad (f. 1995) – keyboard

Diskografi

endre

Singlar

endre
  • 2019 – «Let Me Follow»
  • 2019 – «Wouldn't That Be Nice»
  • 2020 – «I'm Not Alright»
  • 2020 – «Someone New»
  • 2021 – «Come Get Lost»
  • 2021 – «Lights Off»
  • 2022 – «High-Speed Kissing» (med Lake Malawi)
  • 2022 – «Alive»

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Czech out the latest Eurovision participants: We Are Domi 🇨🇿». Eurovision.tv (på engelsk). 16. desember 2021. Henta 18. desember 2021. 
  2. 2,0 2,1 «Band led by hockey legend Hašek’s daughter scores Czech Eurovision nom». www.expats.cz (på engelsk). 17. desember 2021. Henta 18. desember 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Kristian Havnes Klemetzen (17. desember 2021). «To nordmenn med på Tsjekkias Eurovision-bidrag». www.vg.no (på norsk bokmål). VG Nett. Henta 18. desember 2021. 
  4. Otto, Melanie. «Czech republic: We Are Domi will turn the Lights Off in Turin» (på engelsk). Henta 18. desember 2021. 
  5. «– Det er helt sykt at jeg kan ende opp med å spille buegitar for 200 millioner seere». www.byas.no (på norsk bokmål). Henta 18. desember 2021. 
  6. «Eurovision Song Contest 2022 - iVysílání». Česká televize (på tsjekkisk). Henta 18. desember 2021. 
  7. «We Are Domi - Czech Republic - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.