Lili Haydn
kanadisk songar og komponist
Lili Haydn (f. 1975 ) er ein kanadisk rockefiolinist, songar, plateartist og komponist. Som barn var ho òg skodespelar, og åtte år gammal byrja ho å spele fiolin og klassisk musikk. Då ho var femten år gammal hadde ho spelt med Los Angeles Philharmonic.[1]
Lili Haydn | |||
Haydn i MacArthur Park i LA Juli 2009 | |||
Fødd | 25. desember 1969 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toronto | ||
Alias | «Helicopter» | ||
Opphav | Canada | ||
Sjanger | klassisk, jazz, rock, alternativ | ||
Instrument | Vokalist, fiolin, piano | ||
Plateselskap | Atlantic, Nettwerk, Arista, Private music | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, skodespelarinne, aktivist | ||
Mor | Lotus Weinstock | ||
Far | David Jove |
Haydn vart ein mykje nytta studiomusikar i Los Angeles i 1990-åra og spelte med artistar som Nusrat Fateh Ali Khan, Porno for Pyros, Tracy Chapman, The Jayhawks, Brandy, Tony! Toni! Tone!, No Doubt, Tom Petty, Sting, Josh Groban, Herbie Hancock, Robert Plant & Jimmy Page, Matchbox 20, Seal og George Clinton, som kalla ho «fiolinen sitt svar på Jimi Hendrix».
Diskografi
endre- Lili (1997) Atlantic Records
- Light Blue Sun (2003) BMG/Private Music
- Goodbye Stranger Ep (2007) Nettwerk Music Group
- Place Between Places (2008) Nettwerk Music Group
- Lililand (2014)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lili Haydn» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hayden, Lili (2009). «Lili Hayden/Bio». Official website. Arkivert frå originalen 19. mai 2009. Henta 14 October 2009.