Live From Madison Square Garden av Eric Clapton og Steve Winwood

Live From Madison Square Garden
Konsertalbum av Eric Clapton & Steve Winwood
Utgjeve 19. mai 2009
Innspelt 25. til 28. februar 2008
Sjanger Blues/Rock
Lengd 129:09
Selskap Warner Bros.
Kritikk
Eric Clapton-kronologi 
Complete Clapton
(2007)
Live From Madison Square Garden Clapton
(2010)
Steve Winwood-kronologi
Nine Lives
(2008)
Live From Madison Square Garden


Live from Madison Square Garden er eit dobbelt konsertalbum av Eric Clapton og Steve Winwood som kom ut 19. mai 2009[1]. Albumet består av konsertopptak frå konsertane til Clapton og Winwood i Madison Square Garden i februar 2008.

Konsertane vart ikkje marknadsførte som offisielle Blind Faith-konsertar, men som «Winwood and Clapton». Dei spelte derimot hovudsakleg Blind Faith-songar, samt utval av songar frå Traffic, Derek and the Dominos, solokarrieren til Clapton og nokre Jimi Hendrix-songar. Bandet bestod av Willie Weeks på bass, Ian Thomas på trommer og Chris Stainton på klaverinstrument.

Bakgrunn endre

Winwood og Clapton kryssa musikalske stiar i 1969 då dei danna Blind Faith, eit band som var pionerar innan blandinga av rock og blues og som vart ein stor suksess både på plate og på konsertar. Trass i kritikarros og høge salstal, varte ikkje bandet lenge og gav berre ut eitt album og gjorde ein kort turne i 1969. Sidan den siste konserten i 1969 har Winwood og Clapton vore vener, men har berre spelt i lag eit fåtal gonger i løpet av åra. I 2008 var det første gong Clapton og Winwood spelte heile konsertar i lag på nesten 40 år.

Turne endre

Den 11. februar 2009 annonserte paret at dei skulle vitja 14 byar i USA, og turneen starta 10. juni 2009 i East Rutherford i New Jersey. Med seg på turneen hadde dei Chris Stainton (klaverinstrument), Willie Weeks (bass), Abe Laboriel, Jr. (trommer), samt korvokalistane Sharon White og Michelle John.

Innhald endre

Disk ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Had to Cry Today»Steve Winwood7:47
2.«Low Down»J.J. Cale4:10
3.«Them Changes»Buddy Miles5:10
4.«Forever Man»Jerry Williams3:33
5.«Sleeping in the Ground» 4:50
6.«Presence of the Lord»Eric Clapton5:23
7.«Glad»Steve Winwood4:13
8.«Well All Right»Jerry Allison/Buddy Holly/Joe Mauldin/Norman Petty5:35
9.«Double Trouble»Otis Rush8:06
10.«Pearly Queen»Jim Capaldi/Steve Winwood6:10
11.«Tell the Truth»Eric Clapton/Bobby Whitlock6:42
12.«No Face, No Name, No Number»Jim Capaldi/Steve Winwood4:09
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«After Midnight»J.J. Cale4:45
2.«Split Decision»Joe Walsh/Steve Winwood6:25
3.«Rambling on My Mind»Robert Johnson4:01
4.«Georgia on My Mind»Hoagy Carmichael/Stuart Gorrell5:05
5.«Little Wing»Jimi Hendrix6:42
6.«Voodoo Chile»Jimi Hendrix16:23
7.«Can't Find My Way Home»Steve Winwood5:33
8.«Dear Mr. Fantasy»Jim Capaldi/Steve Winwood/Chris Wood7:41
9.«Cocaine»J.J. Cale6:41

Kjelder endre