Christopher Gordon Blandford Wood (24. juni 194412. juli 1983) var ein britisk rockemusikar, mest kjend som opphavleg medlem i det britiske rockebandet Traffic i lag med Steve Winwood, Jim Capaldi og Dave Mason. Wood spelte hovudsakleg fløyte og saksofon og var stundom med å skrive somme av songane til Traffic, og introduserte den tradisjonelle «John Barleycorn» for bandet.

Chris Wood

Wood i 1969
Fødd24. juni 1944(1944-06-24)
FødestadQuinton i Birmingham i Storbritannia
Død12. juli 1983 (39 år)
DødsstadBirmingham i Storbritannia
FødenamnChristopher Gordon Blandford Wood
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–1983
SjangerRock, progressiv rock, jazzfusion
InstrumentSaksofon, fløyte
Tilknytte artistarShades of Blue, Locomotive, Traffic, Mason Capaldi Wood & Frog, Dr. John, Ginger Baker's Air Force
Verka somMusikar
Gift medJeanette Jacobs

Wood spelte med Jimi Hendrix i 1968 og deltok på Electric Ladyland. Han har òg spelt med Dr. John, Free, Small Faces, Ginger Baker's Air Force, John Martyn, Rebop Kwaku Baah, Tyrone Downie, Fat Mattress, Bobby Whitlock og andre.

Wood sleit med dop- og alkoholmisbruk det meste av karrieren og då kona Jeanette døydde i 1982 av eit epilepsianfall berre 30 år gammal gjekk det hardt utover Wood. Han døydde sjølv av lungebetennelse i 1983.

Diskografi endre

Solo endre

Med Traffic endre

Med Ginger Baker's Air Force endre

Med andre endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre