Livius Smitt

Livius Smitt (8. oktober 18404. mars 1890) var ein norsk embetsmann og stortingsmann, fødd i Vinje i Telemark. Han vart medlem av Høgre då dette partiet vart danna i 1884.

Livius Smitt
Fødd 8. oktober 1840
Vinje
Død

4. mars 1890 (49 år)
Brevik

Yrke politikar, advokat

Smitt var presteson. Jacob Sverdrup Smitt var bror hans. Han vart student i 1858 og cand. jur. fem år seinare. Deretter var han i nokre år tilsett på justiskontoret til Høgsteretten. 1866-67 var han fullmektig hos sorenskrivarenVoss. Frå 1867 var han overrettssakførar i Florø. Til sist byfut i Brevik frå 1881. I 1874 grunnla han avisa Nordre Bergenhus Amtstidende, frå 1879 også redaktør.

Smitt var 1868-69 formann i matrikkelkommisjonen for Sunn- og Nordfjord. Perioden 1874-82 var han ordførar i Florø.

Smitt var stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt frå 1880 og sidan 1883 for Brevik. Åra 1880-88 var han medlem av vegkomiteen, år 1889 formann i same. 1889-sesjonen var han elles medlem av Lagtinget og valkomiteen. Same året, 1889, vart han boden plass i Emil Stang si fyrste regjering, men takka nei.

Han døydde i Brevik 1890.

KjelderEndra