Ljudmila Rogatsjova

Ljudmila Vasiljevna Rogatsjova (fødd 30. oktober 1966) er ein sovjet-russisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Lad Balka i Stavropol kraj. Ho vart i 1994 europameister på 1500 meter og vann elles i tida 1990-94 OL-sølv på same distansen i 1992 og VM-bronse 1991, dessutan EM-bronse 1994 på 800 meter.

Ljudmila Rogatsjova
Statsborgarskap Russland
Fødd 30. oktober 1966 (57 år)
Ladovskaja Balka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Aktiv endre

Rogatsjova sette sommaren 1988 personleg rekord på 800 meter med tida 1.56,82 under eit stemne i Pärnu i dagens Estland. Spesialdistansen hennar vart likevel 1500 meter. Etter fjerdeplass på 1500 m i EM 1990, vann ho 1500-meteren ved innandørs-VM 1991 i Sevilla. Seinare same året vart ho bronsemedaljør på distansen i verdsmeisterskapen i Tokyo. I dei olympiske sommarleikane 1992 sprang Rogatsjova sitt livs fortaste 1500-meter då ho vart klokka inn på 3.56,91 og til sølv, ho var heilt sjanselaus mot Hassiba Boulmerka.

Under Friidretts-EM 1994 i Helsinki tok Rogatsjova bronsen på 800 m, hakk i hæl med landskvinna Ljubov Gurina og Natalja Dukhnova frå Kviterussland. Fire dagar seinare spurta ho inn til gullmedalje på 1500 meter, i eit finaleløp som lenge gjekk i joggetempo.

Rogatsjova deltok internasjonalt opp til Sommar-OL 2000, utan sidan å gjere seg gjeldande i medaljestrid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre