Ljubov Gurina
Ljubov Mikhajlovna Gurina (fødd 6. august 1957) er ein sovjet-russisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Matusjkino i Kirov oblast i dagens Russland som vart europameister på 800 meter i 1994, etter tidlegare å ha vunne VM-sølv på distansen både i 1983 og i 1993, EM-bronse i 1986 og VM-bronse i 1987.
Ljubov Gurina | |
Statsborgarskap | Sovjetunionen, Russland |
Fødd | 6. august 1957 (67 år) Belokholunitsky District |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Aktiv
endreGurina meisterskapsdebuterte med å ta sølvmedaljen på 800 meter i Helsinki i 1983 under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett, ho sette personbeste med 1.56,11, men vart slått med halvtanna sekund av Jarmila Kratochvílová frå Tsjekkoslovakia. Tre år seinare tok Gurina bronsemedaljen ved EM 1986 i Stuttgart, eit løp sovjetiske Nadezjda Olizarenko vann framom Sigrun Wodars frå Aust-Tyskland. Året etter vart Gurina under VM i Roma klokka inn på 1.55,56, hennar livs snøggaste løp på spesialdistansen, og ho vann ein ny bronsemedalje bak dei austtyske utøvarane Wodars og Christine Wachtel.
Under VM 1993 i Stuttgart sikra Gurina seg sølvmedaljen på 800 meter, meir enn halvtanna sekund bakom Mosambiks Maria Mutola. Eitt år etter måtte det målfoto til for å avgjere om Gurina eller kviterussiske Natalja Dukhnova skulle få gullmedaljen på 800 meter ved EM 1994 i Helsinki, begge fekk sluttida 1.58,55. Gurina vart kåra til europameister, med sine 37 år den eldste europameisteren i friidrett. To veker før Helsinki-VM sprang ho i Monaco sitt livs beste 1500 meter på 4.02,4.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1983 i Helsinki: Sølvmedalje på 800 m – 1.56,11, bakom Jarmila Kratochvílová (1.54,68)
- EM 1986 i Stuttgart: Bronsemedalje på 800 m – 1.57,33
- VM 1987 i Roma: Bronsemedalje på 800 m – 1.55,56
- OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 1500 m (4.08,5 =nr 16)
- EM 1990 i Split: Nr 7 på 800 m – 1.59,59
- OL 1992 i Barcelona: Nr 8 på 800 m – 1.58,13
- VM 1993 i Stuttgart: Sølvmedalje på 800 m – 1.57,10, bakom Maria Mutola (1.55,43)
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje på 800 m – 1.58,55, framom Natalja Dukhnova (1.58,55)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 7 på 800 m – 1.59,16
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ljubow Michailowna Gurina» frå Wikipedia på tysk, den 20. juli 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Lyubov Gurina» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2019.