Lokalavisa NordSalten
Lokalavisa NordSalten (med det lulesamiske namnet Bájkkeavijssa NuorttaSáltto) er ei norsk lokalavis som dekkjer Steigen og Hamarøy kommunar i Nordland. Avisa vart grunnlagd i 1996 og den første utgåva kom ut den 5. januar same år. Hovudkontoret ligg på Innhavet i Hamarøy. Ansvarleg redaktør er Børge Strandskog (sidan 1996). Avisa blir gjeven ut på bokmål, med ein lulesamisk del på fredagar.[1]
Lokalavisa NordSalten | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Lokalavis | ||
Org.nummer | 977097347 | ||
Grunnlagd | 1996 | ||
Språk | Norsk | ||
Nettstad | https://nordsalten.no (lulesamisk) |
Allereie den 27. mai 1982 kom det ut eit prøvenummer av Lokalavisa NordSalten. Utgåva inneheldt ein lulesamisk del skriven av Sven-Roald Nystø. Endå eit prøvenummer vart gjeve ut i 1983 og det vart starta ordinær drift i 1984 fram til oktober 1985 då avisa gjekk konkurs.[2] Drifta starta opp att i 1996. Lokalavisa Nord-Salten kom fyrst ut 5. januar 1996 etter initiativ frå redaktør Børge Strandskog og Trond Elsbak.[2]
Opplag
endreStadfesta netto opplagstal frå Norsk Opplagskontroll og Landslaget for lokalaviser.[3]
- 2004: 2 465
- 2005: 2 624
- 2006: 2 581
- 2007: 2 536
- 2008: 2 428
- 2009: 2 723
- 2010: 2 655
- 2011: 2 871
- 2012: 2 838
- 2013: 2 847
- 2014: 2 789
- 2015: 2 872
- 2016: 2 649
- 2017: 2 612
Kjelder
endre- ↑ «Fakta om samiske språk». Regjeringen.no. 3. november 2014. Arkivert frå originalen 31. august 2018. Henta 29. oktober 2017.
- ↑ 2,0 2,1 «Samler på lokalavisa». Lokalavisa NordSalten. 7. januar 2010. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 24. februar 2013.
- ↑ Årets tal blir publiserte på LLAs nyhetssider, eldre tal er tilgjengelege på nett: 2004-2005 Arkivert 16. mars 2007 på Wayback Machine., 2006-2007 Arkivert 24. juli 2011 på Wayback Machine., 2008[daud lenkje], 2009[daud lenkje], 2010[daud lenkje] (vitja 27. februar 2011)
- Denne artikkelen bygger på «Lokalavisa NordSalten» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2024.