Lomsdal-Visten nasjonalpark
65°29′N 13°00′E / 65.483°N 13.000°E
Lomsdal-Visten nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommunar | Brønnøy, Vevelstad, Vefsn, Grane | ||
Areal | 1 102 km² | ||
Oppretta | 29. mai 2009 | ||
Lomsdal-Visten nasjonalpark 65°34′28″N 12°47′37″E / 65.57436506°N 12.7935791°E | |||
Wikimedia Commons: Lomsdal-Visten national park |
Lomsdal-Visten nasjonalpark, sørsamisk namn Njaarken varjelimmiedajve, er ein nasjonalpark som omfattar land i kommunane Brønnøy, Grane, Vefsn og Vevelstad kommunar i Nordland fylke. Det verna området strekkjer seg frå Vesterfjella til Lomsdalen og Visten. Nasjonalparken vart oppretta i 2009.
Vern og bruk
endreFormålet med vernet av nasjonalparken er å ta vare eit stort, tilnærma urørt naturområde. Spesielt er det lagt vekt på geologiske førekomstar, herunder grotter og karstlandskap, og kulturminne knytt til landbruk og reindrift. Saman med eit landskapsvernområde i indre Visten skal nasjonalparken sikre eit variert kystlandskap frå fjord til fjell på Helgeland.
Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.
Turmål
endreOmrådet har ein rik kulturhistorie, og det ligg til rette for eit enkelt friluftsliv. Det inneheld nokre opne hytter og gammar, og nokre av farleiene er varda frå gammalt av.