Lope de Vega (25. november 156227. august 1635) var ein forfattar under den spanske gullalderen. Han hadde ein stor skriftproduksjon, og er rekna som den fremste skodespelforfattaren frå denne tida, men skreiv også prosa, viser og dikt.

Lope de Vega

Statsborgarskap Spania
Fødd 25. november 1562
Madrid
Død

27. august 1635 (72 år)
Madrid

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, skribent, omsetjar, katolsk prest
Sjanger dikt, teater
Medlem av Congregation of Secular Priests of Saint Peter the Apostle
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Ektefelle Juana de Guardo, Isabel de Alderete y Urbina
Born Marcela de San Félix
Signatur
Lope de Vega på Commons
Namnetrekket til Lope de Vega.

Liv endre

Lope Félix de Vega y Carpio var fødd i Madrid, der far hans dreiv med broderi. Guten hadde språklege gåver, og skreiv sitt første skodespel som fjortenåring. Han fekk plass ved jesuittskulen Colegio Imperial, men rømde frå skulen for å vera med på ein militærekspedisjon til Portugal. Biskopen av Ávila såg evnene til ungguten og fekk han inn ved universitetet i Alcalá. De Vega planla ei tid å bli prest, men fann etterkvart ut at det ikkje låg for han.

I 1583 gjekk Lope de Vega inn i militæret, og kjempa med marinen ved Asorane. Deretter vende han tilbake til Madrid og byrja skriva skodespel. Han byrja også eit kjærleiksforhold med Elena Osorio, som etter nokre år ende så bittert at de Vega blei forvist frå Castilla etter å ha skrive æreskrenkande åtak mot den tidlegare kjærasten og familien hennar.

Lope de Vega drog i eksil saman med Isabel de Urbina, den seksten år gamle dottera av ein framståande rådgjevar ved hoffet, som han seinare blei tvinga til å gifta seg med. Nokre veker etter giftarmålet, i 1588, blei han med den spanske armadaen send i krig mot England, og var med på eitt av få skip som vende tilbake. I 1590 blei han utnemnd til privatsekretær for hertugen av Alba, og slo seg ned i Toledo.

I 1595, etter at kona Isabella var død og eksilet var ute, drog de Vega tilbake til Madrid. Her hadde han fleire forhold, mellom anna med Micaela de Luján, som han skreiv fleire sonettar til og fekk fire barn med. I 1598 gifta han seg med Juana de Guardo, utan å gje slepp på elskarinnene av den grunnen.

 
Frå museet Casa Museo de Lope de Vega, i huset forfattaren budde i frå 1610 til han døydde i 1635.

1600-åra var ei produktiv tid for forfattaren. Han blei også tilsett som privatsekretær av hertugen av Sessa. I 1610-åra mista han først yndlingssonen, Carlos Félix, og seinare kona Juana i barsel. Micaela forsvinn òg or soga på denne tida. Etter dette samla Lope de Vega alle barna sine i ein heim. Diktinga hans blei meir alvorleg, og han gjekk gjennom ei religiøs krise som førte til at han blei prestevigd i 1614.

Trass sølibatkravet til prestar fortsette Lope de Vega å ha omgang med kvinner. Marta de Nevares følgde han til ho døydde i 1632. To år seinare døydde diktarsonen hans, Lope Félix, i eit skipbrot utanfor Venezuela, og yngstedottera blei bortført og deretter forlaten. Lope de Vega døydde 27. august 1635. Trass i suksessen som forfattar døydde han fattig, etter å ha gjeve nesten alt han eigde til kyrkja.

Verk endre

Lope de Vega er rekna som ein av dei fremste diktarane frå den spanske gullalderen, saman med Luis de León, Juan de la Cruz, Góngora og Quevedo. Han skreiv både religiøse og profane dikt, av ulike typar som folkevise, sonett og epikk. Av prosaverka hans kan framhevast La Dorotea (1632), ein sjølvbiografisk roman i dialogform.

De Vega peika seg likevel ut som skaparen av religiøst og sekulært drama, og gav form til den spanske folketeaterforma comedia. Han skreiv fleire hundre stykke, medan endå fleire er usikkert tillagde han. Fleire av stykka hentar stoff frå gamle spanske soger, krøniker og romansar, som El caballero de Olmedo og Fuenteovejuna. Dei mest vidgjetne stykka hans, som El perro del hortelano, La viuda de Valencia og El maestro de danzar, er kjærleiksintriger, ofte forkludra av ære, blant spanske småadelege. De Vega sine drama er ofte melodramatiske med vekt på plott, men har tidvis også moralske poeng, som kritikk av primogenitur i Las Flores de Don Juan.

Verkliste endre

(utval)

  • Las ferias de Madrid (komedie, 1587)
  • El remedio en la desdicha (komedie, 1596)
  • La Dragontea (epikk, 1598)
  • La Arcadia (roman, 1598)
  • La quinta de Florencia (komedie, 1598-1603)
  • El Isidro (epikk, 1599)
  • Fiestas de Denia (epikk, 1599)
  • El vaquero de Moraña (komedie, 1599/1603)
  • Romancero general (poesi, 1600)
  • La hermosura de Angélica, con otras diversas rimas (poesi, 1602)
  • La prueba de los amigos (komedie, 1604)
  • La discreta enamorada (komedie, 1604-08)
  • Rimas (poesi, 1604)
  • El peregrino en su patria (roman, 1604/18)
  • Los melindres de Belisa (komedie, 1606/08)
  • La niña de plata (komedie, 1607/12)
  • Lo fingido verdadero (komedie, h. 1608)
  • Rimas (poesi, 1609)
  • Arte nuevo de hacer comedias en este tiempo (1609)
  • La Jerusalén conquistada (epikk, 1609)
  • Peribañez y el comendador de Ocaña (komedie,1609-12)
  • Los ponces de Barcelona (komedie, 1610/15)
  • El villano en su rincón (komedie, 1611)
  • La discordia en los casados (komedie, 1611)
  • Los pastores de Belén (roman, 1612)
  • Cuatro soliloquios (poesi, 1612)
  • Fuente Ovejuna (komedie, 1611-18)
  • La dama boba (komedie, 1613)
  • El perro de hortelano (komedie, 1613-15)
  • El valor de las mujeres (komedie, 1613/18)
  • Rimas sacras (poesi, 1614)
  • La discreta venganza (komedie, 1615/21)
  • El caballero de Olmedo (komedie, 1615-26)
  • Romancero espiritual (poesi, 1619)
  • Justa poética en honor de san Isidro (prosa og vers, 1620)
  • Los Tellos de Meneses (komedie, 1620-28)
  • La Filomena (prosa og vers, 1621)
  • Amor, pleito y desafío (komedie, 1621)
  • Fiestas en la canonización de san Isidro (prosa og vers, 1622)
  • La Circe con otras rimas y prosas (1624)
  • Triunfos divinos, con otras rimas (poesi, 1625)
  • ¡Ay, verdades que en amor! (komedie, 1625)
  • Corona trágica (poesi, 1627)
  • La moza de cántaro (komedie, 1627)
  • Soliloquios amorosos (prosa og vers, 1629)
  • Laurel de Apolo (poesi, 1630)
  • El castigo sin venganza (komedie, 1631)
  • La noche de San Juan (komedie, 1631)
  • La Dorotea (prosa, 1632)
  • Amarilis (idyll, 1633)
  • Rimas humanas y divinas del licenciado Tomé de Burguillos (poesi, 1634)
  • Filis (idyll, 1635)
  • La gatomaquia (burlesk epikk, 1634)
  • Las bizarrías de Belisa (komedie, 1634)
  • La Vega del Parnaso (Posthumt verk 1637)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Lope de Vega ved Wikisource (es).