Baker Street av Gerry Rafferty

Baker Street
Singel av Gerry Rafferty
frå albumet City to City
B-side

«Big Change in the Weather»
(1978)
«Night Owl», «Bring It All Home»
(1990)

Språk engelsk
Utgjeve 3. februar 1978
Innspelt 1977, Chipping Norton Recording Studios, Oxfordshire, UK
Sjanger Rock, softrock, jazz
Lengd 4:10 (singel), 6:11 (album), 6:23 (full remix)
Selskap United Artists
Komponist Gerry Rafferty
Tekstforfattar Gerry Rafferty
Låtskrivar(ar) Gerry Rafferty
Gerry Rafferty-kronologi 
Baker Street «Night Owl»
(1979)


«Baker Street» er ein ballade skriven og spelt inn av den skotske musikaren Gerry Rafferty. Han vart gjeven ut som singel i 1978 og nådde toppen av Cash Box-lista og andreplassen på Billboard-lista i USA, der han låg i seks veker. I tillegg nådde han toppen av lista i Canada og Australia, tredjeplassen i Storbritannia og topp 10 i Nederland. Arrangementet er kjend for saksofonriffet som kjem i starten og fleire gonger i løpet av songen.[1]

Rafferty fekk Ivor Novello-prisen for beste song i 1978.[2] I oktober 2010 hadde songen i følgje BMI passert 5 millionar avspelingar på radio.[3]

Opphav endre

Songen er kalla opp etter ei kjend gate i London og vart gjeven ut på det andre soloalbumet til Rafferty, City to City, som var den første plata Rafferty gav ut etter kontraktsproblema då det førre bandet hans, Stealers Wheel, vart oppløyst i 1975. I mellomårda hadde ikkje Rafferty løyve til å gje ut nye songar.[4]

Rafferty skreiv songen i ein periode då han prøvde å kome seg laus frå Stealers Wheel-kontrakten, og han reiste ofte mellom familien heime nær Glasgow og London, der han ofte budde hos ein ven i Baker Street. Som Rafferty sa det, «alle saksøkte kvarandre, så eg brukte mykje tid på nattoget frå Glasgow til London for å møte advokatane. Eg kjende ein fyr som budde i ein liten leilegheit i Baker Street. Me sat og preika eller spelte gitar der gjennom natta.»[5]

Slutten av rettssaka og betalingsproblema som dette skapte var opphavet til det siste verset i songen: «When you wake up it's a new morning/ The sun is shining, it's a new morning/ You're going, you're going home.»[6] Dottera til Rafferty, Martha, har sagt at boka som inspirerte songen meir enn noko anna var Colin Wilson sin The Outsider. Rafferty las boka, som handla om framandgjering og kreativitet, medan han reiste mellom Glasgow og London.[7]

Arrangement endre

Albumet City to City, inkludert «Baker Street», vart produsert av Rafferty og Hugh Murphy.[8] I tillegg til ein gitarsolo spelt av Hugh Burns, har songen eit markant åtte taktar langt saksofonriff som vert spelt mellom versa av Raphael Ravenscroft.[1][9]

Rafferty hevda han skreiv riffet og hadde opphavleg tenkt å synge melodilinja. Ravenscroft hevda på si side at han fekk songen presentert med «fleire gap». «Faktisk, det meste av det eg spelte var eit gammalt bluesriff,» sa Ravenscroft. «Om du spør meg: 'Gav Gerry meg eit musikkstykke eg skulle spele?' så nei, det gjorde han ikkje.»[10] På utgåva frå 2011 av City To City er det ein demoversjon av Baker Street med saksofondelen spelt på elektrisk gitar av Rafferty, noko som synte at det var Rafferty som skreiv linja. Ei særs lik saksofonlinje, som opphavleg vart spelt av saksofonisten Steve Marcus for songen «Half A Heart», er tilskriven vibrafonisten Gary Burton,[11] på Marcus-albumet Tomorrow Never Knows frå 1968.

Ravenscroft, som var studiomusikar, var i studio for å spele ein kort sopransaksofon-del og foreslo at han kunne spele det kjende riffet på altsaksofonen han hadde liggande i bilen.[6] Dette riffet, som vart kalla «the 'Baker Street' phenomenon», førte til auka sal av saksofonar og at instrumentet vart oftare brukt i popsongar og reklamesongar.[9]

Medverkande endre

I andre media endre

Songen vart omtalt av gitaristen Slash som ei inspirasjonskjelde til gitarsoloen hans i «Sweet Child o' Mine».[14]

Songen er nytta i ein episode av The Simpsons.[15]

Songen er nytta i videospelet Grand Theft Auto V, som ein del av Los Santos Rock Radio.

Songen vart nytta i filmen Good Will Hunting og var kjenningsmelodien til radioprogrammet The Dave Ramsey Show.

Coverversjonar endre

Dance-gruppa Undercover spelte inn songen i 1992 for albumet Check Out the Groove. Denne versjonen nådde andreplassen på UK singles chart.[16] Songen er òg blitt spelt av fleire andre band og artistar, som Ali Campbell,[17] Foo Fighters,[18] Waylon Jennings og London Symphony Orchestra.[18]Den irske gruppa The Buachaills nådde 95. plassen på den irske singellista med sin versjon, der saksofonsoloen er erstatta av sekkepipe.

Foo Fighters spelte ein versjon av «Baker Street» og gav han ut i USA som B-side til singelen «My Hero» i 1998 frå albumet The Colour and the Shape.

Lister endre

Gerry Rafferty-versjonen endre

År Liste Plassering
1978 UK Singles Chart 3
1978 US Billboard Hot 100 2
1978 Australian ARIA Charts 1
1978 Tyskland 3
1990 UK Singles Chart (re-mix) 53
2011 UK Singles Chart 55
2011 Tyskland[19] 69
2011 Nederland 27
2011 Sveits 53

Undercover-versjonen endre

År Liste Plassering
1992 UK Singles Chart 2

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Maconie, Stuart (2004). Cider With Roadies (1st utg.). London: Random House. s. 256. ISBN 0-09-189115-9. 
  2. Lister, David, Pop ballads bite back in lyrical fashion, The Independent, 28 May 1994
  3. «2010 BMI London Award Winners». BMI. 5 October 2010. Arkivert frå originalen den 8. juli 2011. Henta 10. september 2014. 
  4. Eder, Bruce (16 April 1946). «Bruce Eder, Stealers Wheel at». Allmusic.com. Henta 10. september 2014. 
  5. Gerry Rafferty and his songs of alienation Daily Telegraph 2011-01-05,
  6. 6,0 6,1 Emerson, Ken (4 Jan 2011). «Gerry Rafferty's 'Baker Street' Blues: Rolling Stone's 1978 Feature». Rolling Stone. 
  7. Soul Music, BBC Radio Four, 31. januar 2011
  8. Michael Gray (4. januar 2011). «Michael Gray, Gerry Rafferty obituary, The Guardian, 4. januar 2011». London: Guardian. Henta 10. september 2014. 
  9. 9,0 9,1 Richard Ingham (1998), «Rock and the saksofon», The Cambridge companion to the saksofon, s. 156 
  10. «Stuck in a battle with booze» www.scotsman.com 2 Aug 2008
  11. Richie Unterberger, album Review: Tomorrow Never Knows, AllMusic
  12. «Hugh Burns interview, January 2002, «An affair of the craft», for gitarist magazine at». Andrewbrel.com. Arkivert frå originalen den 7. juli 2011. Henta 10. september 2014. 
  13. «Interview with Henry Spinetti at». Mikedolbear.com. 1 May 2011. Arkivert frå originalen den 14. juli 2011. Henta 10. september 2014. 
  14. «The 100 Greatest gitar Songs of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 17. mars 2010. Henta 30 March 2010. 
  15. Staff (5. januar 2011). «Baker Street blues no more... songar Gerry Rafferty passes away». News.AU.com. Henta 1 May 2012. [daud lenkje]
  16. «Chart Stats – Undercover – Baker Street». Chartstats.com. Henta 10. september 2014. 
  17. «– Review: Ali Campbell – Great British Songs». Express.co.uk. 15 October 2010. Henta 10. september 2014. 
  18. 18,0 18,1 (spansk) El solo de saxo más famoso de la historia del pop | RPP Noticias
  19. «Adele feiert höchsten Neueinstieg in den Charts - media control». Media-control.de. Arkivert frå originalen 14. januar 2011. Henta 10. september 2014. 

Bakgrunnsstoff endre