Love Me or Leave Me
«Love Me or Leave Me» er ein amerikansk populære song frå 1920-åra.
«Love Me or Leave Me» Introdusert i Broadway-skodespelet Whoopee! | |
Låtskrivar | Walter Donaldson |
---|---|
Tekst av | Gus Kahn |
Publisert | 1928 |
Innspelt av | Doris Day, Sammy Davis, Jr., Lena Horne, mange andre artistar |
Musikken var skriven av Walter Donaldson og teksten av Gus Kahn. Songen vart introdusert av Broadway-skodespelet, Whoopee!, som opna i desember 1928[1]. Ruth Etting si framføring av songen var så populær at ho måtte synge songen i skodespelet Simple Simon, som opna i februar <1930[1].
Innspelte versjonar
endreOriginalversjonen av songen, den bestseljande gjennom tidene, vart spelt inn av Ruth Etting den 17. desember 1928. Han vart gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Bringing a Red, Red Rose», òg skriven av Donaldson/Kahn[2]. Songen nådde 2. plassen på listene i 1929.
Andre populære versjonar på denne tida vart gjort av Guy Lombardo's Royal Canadians, med vokal av Carmen Lombardo (innspelt 20. mars 1929, gjeven ut av Columbia Records med B-sida «I'm Still Caring»[2]) og av Leo Reisman og orkesteret hans (innspelt 22. april 1929, utgjeven av Victor Records med B-sida «Sweet Chewaulka, Land of Sleepy Water»[3]).
Ei innspeling gjort 12. desember 1947 av Bing Crosby og orkesteret til John Scott Trotter kom ut i 1951 på Decca Records.[4].
Sidan songen vert rekna som ein av dei største hittane til Etting, vart tittelen nytta for filmen om livet hennar, med Doris Day som Etting, i 1955. Day-versjonen av songen, frå filmen, vart ein stor hit for ho. Same året spelte òg Sammy Davis Jr. og Lena Horne inn songen. Davis-versjonen låg 12 veker på Billboard-lista.[5].
Horne si utgåve nådde 19. plass på Billboard-lista[5].
Nina Simone spelte inn songen for debutalbumet Little Girl Blue (1958) og Let It All Out (1966). Simone-versjonen vart bytta i filmen Billy's Hollywood Screen Kiss. Denne versjonen vart gjeven ut som singel i 1959. Simone spelar her ein av J.S. Bach sine Inventionen i midten av songen.
Ella Fitzgerald spelte ei utgåve av songen i 1962 på Ella Swings Brightly with Nelson som vann ho ein Grammy-pris i 1963.
Andre versjonar
endre- The Badgers
- Elkie Brooks (1984)
- Earl Burtnett's Biltmore Trio (1929)
- Perry Como
- Bing Crosby (The Bing Crosby CBS Radio Recordings (1954-56))
- Miles Davis (Walkin')
- Dixieland Swingsters (1937)
- Billy Eckstine
- Les Elgart and his orchestra
- Chick Endor med Leonard Joy (1929)
- Sammy Fain (1929)
- Bryan Ferry (As Time Goes By 1999)
- Pat Flowers
- Erroll Garner (1952)
- Benny Goodman and his orchestra (1933)
- Teddy Grace (1938)
- Bob Haring and his orchestra (1929)
- Edgar Hayes Quintet (1937)
- Eddie Heywood and his orchestra (1944)
- Billie Holiday (1941)
- Olivia Newton John
- Frances Langford med Earle Hogen (1946)
- Sam Lanin's Dance Orchestra (1929)
- Virginia Lee (1929)
- Henry Levin's Dixieland Octet (1941)
- Majestic Dance Orchestra (1929)
- Mel and Stan (1947)
- Ella Mae Morse (1922)
- Jimmie Noone's Apex Club Orchestra (1929)
- Jimmie Osborne
- Chuck Penny
- Hazel Scott (1947)
- Lee Sims (1929)
- Bill Staffon and his orchestra (1935)
- Cal Tjader (1953)
- The Top Bananas
- Sarah Vaughn med Ted Dale Orchestra
- John Vincent's Californians (1929)
- Thomas "Fats" Waller (1929)
- Ted Weems and his orchestra (1949)
- The Youth (1969)
Peggy Lee på albumet Black Coffee.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Love Me or Leave Me (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: