Luca Signorelli (ca. 145016. oktober 1523) var ein italiensk renessansemålar, fødd og død i Cortona i Toscana. Freskomåleria i Orvieto-katedralen (1499-1503), ein serie halvsirkelforma komposisjonar som formidlar visjonar av liv og død, straff og oppstode, vert rekna som høgdepunktet i hans verksemd som målar. Interessa hans for nakne figurar i rørsle vart vidareført gjennom Michelangelo si gjerning.

Luca Signorelli

Statsborgarskap Den florentinske republikk
Fødd 1450
Cortona
Død

16. oktober 1523 (73 år)
Cortona

Yrke kunstmålar, teiknar, fresco painter
Luca Signorelli på Commons

Liv og gjerning endre

 
Oppstoda (1499-1502), ein av freskane i Orvieto-katedralen
 
Signorelli:Luca Signorelli (til venstre) og Fra Angelico, 1499-1502

Signorelli var elev av Piero della Francesca i Arezzo i Toscana. I verkstaden hans lærte Signorelli seg å lage perspektiv og korleis framstille nakne figurar. Sidan utdanna han seg hos meistrane i Firenze, der han arbeidde ei tid. Til Lorenzo I de Medici laga han mellom anna eit bilete som synte Gjetaren Pan med fint utforma naken kropp, og dessutan eit madonnabilete.

Signorelli si interesse for den formelle oppbygginga mot den dramatiske handlinga gjennomsyrer dei religiøse komposisjonane og portretta hans. Frå 1482 til 1484 arbeidde han på freskane i det sixtinske kapellet i Roma, der han laga ein freske med motiv frå historia om den bibelske Moses. Kring same tid måla han figurar av englar, apostlar, evangelistar i det åttekanta sakristiet i kyrkja i Loreto. I klosteret Monte Oliveto Maggiore ved Buonconvento i nærleiken av Montalcino i provinsen Siena måla han omkring 1498 ein freskosyklus over legenda om helgenen Benedikt.

Frå år 1499 budde Signorelli i Orvieto, der han utsmykka 'Cappella della Madonna' i bykatedralen med det berømte freskomåleriet som framstiller Dommedag, eit verk som påverka Michelangelo då denne måla dei verdskjende freskomåleria i det sixtinske kapellet. Signorelli oppheldt seg i korte tidsrom i Firenze 1508 og 1512, og i Roma 1508 og 1517.

Signorelli sine arbeid er prega av stor skaparevne, originalitet knytt opp mot strenge formkrav. I bruken av figurar i kraftig rørsle var Signorelli ein forløpar for Michelangelo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Luca Signorelli