Lyin' Eyes
Lyin' Eyes Singel av Eagles frå albumet One of These Nights | ||
B-side |
«Too Many Hands» | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. september 1975 | |
Innspelt | Januar 1975, Hollywood, California | |
Sjanger | Countryrock,[1] folkrock[2] | |
Lengd | 4:14 (singel), 6:22 (album) | |
Selskap | Asylum | |
Komponist | Don Henley | |
Låtskrivar(ar) | Don Henley, Glenn Frey | |
Produsent | Bill Szymczyk | |
Eagles-kronologi | ||
«One of These Nights» (1975) |
Lyin' Eyes | «Take It to the Limit» (1975)
|
«Lyin' Eyes» er ein song skriven av Don Henley og Glenn Frey og spelt inn i 1975 av det amerikanske rockebandet Eagles, med Frey på solovokal. Han var den andre singelen frå albumet One of These Nights og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og åttandeplassen på US Country-lista. Det var den einaste songen deira på Topp 40 på countrylista fram til «How Long» i 2007–2008.
Med denne songen vann dei Grammy-prisen for årets beste popsong av ei gruppe, og songen vart òg nominert til årets singel.
Variasjonar og historie
endreSingelversjonen av songen er korta ned ein del frå albumversjonen, og heile det andre verset, det andre refrenget og fire linjer frå midten av det tredje verset er fjerna. Populære radiostasjonar i 1975 spelte vanlegvis ikkje songar som var lengre enn fire minuttar, så lengda stod oppført som 3:58, sjølv om han i røynda var 4:14.
Andre versjonar
endreFleire andre artistar har spelt inn «Lyin' Eyes» som Lynn Anderson i 1976 og Kenny Rankin i 1980 på After The Roses. Diamond Rio spelte òg songen i 1993 på samlealbumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Dolly Parton har lenge omtalt songen som ein av sine personlege favorittar. Ho framførte songen i 1975 på showet sitt Dolly!
«Lyin' Eyes» vert nytta i filmen Urban Cowboy.
Medverkande
endre- Glenn Frey: solovokal, akustisk gitar
- Don Henley: trommer, perkusjon, solo- og korvokal
- Bernie Leadon: sologitar, korvokal
- Don Felder: akustisk gitar, mandolin
- Randy Meisner: bassgitar, korvokal
- Jim Ed Norman: piano
Lister
endreListe (1975) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 2 |
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks | 3 |
U.S. Billboard Hot Country Singles | 8 |
Canadian RPM Top Singles | 19 |
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks | 4 |
Canadian RPM Country Tracks | 20 |
U.K. Singles Chart | 23 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lyin' Eyes (Eagles song)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eagles - Hell Freezes Over CD liner notes by Sal Manna
- ↑ http://www.allmusic.com/album/one-of-these-nights-mw0000189767