Lystslott (fransk maison de plaisance) er ei nemning på eit lite slott som blir nytta til privat nøye og rekreasjon,[1] utanfor seremoniellet og statspliktene ved hoffet.

Lyst- og jaktslottet Favorite i Ludwigsburg
Lystslottet Benrath i Düsseldorf
Oscarshall på Bygdøy

Utvikling endre

Ved byrjinga av renessansen hadde europeiske aristokratar ønske om meir representative slott, og dei gamle borgene deira blei gradvis forlatne eller bygde om frå festningar til residensar som var betre å bu i. I løpet av åra voks mange adelssete til store slott, og samtidig endra hoffseremoniellet seg. Fyrstane var i aukande grad midtpunkt for eit overdådig og luksuriøst hoff, som nådde eit høgdepunkt under absolutismen. Aristokratiet var omgitt av hoffmenn, utsendingar, supplikantar, kunstnarar og tenarar, og ofte fløymde residensane formeleg over av menneske.

Ønsket om meir intime opphaldsstader førte til at det blei bygd lystslott, som ofte berre ein mindre krins av personar hadde tilgang til. Her kunne eigaren trekka seg tilbake med familien sin eller elskarinna si, og kunne nyta fritid og fornøying. Lystslottet var framfor alt ein stad for festar, dans og musikk, ofte òg litteratur og biletkunst. Dei danna med det ein motsats til den eigentlege residensen, som ofte låg i nærleiken, og der statlege saker gjekk føre seg og der streng etikette rådde.

Høgdepunktet for denne forma for slottsbyggjarkunst var barokken og rokokkotida. Lystslotta låg ofte gøymde i ein avskjerma del av prektige slottsparkar, og var kjenneteikna gjennom ei særskild rik og verdifull innreiing, samtidig som romma og salongane var meir intime og komfortable. På mange av bygningane arbeidde viktige kunstnarar frå den respektive regionen. Berømte døme på lystslott er Grand Trianon og Petit Trianon i parken ved Versailles, det nærliggande Château de Marly, og Amalienburg i parken ved Schloss Nymphenburg i München.

Bruken av omgrepet «lystslott» – og også «jaktslott» – til forskjell frå sjølve «slottet» var flytande og kunne ofte ha liknande tydingar. Ofte blei òg føremålet med lystslottet endra, og gjennom åra kunne dei bli utbygga og forstørra, og nokre gonger ta over offentlege, representative oppgåver. Eit døme på dette er Schloss Sanssouci, som opphavleg blei bygd som lystslott nær Stadtschloss i Potsdam, men som seinare blei hovudresidens for Fredrik den store.

OscarshallBygdøy i Oslo er eit lystslott som tilhøyrer den norske staten, og som står til disposisjon for H.M. Kongen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lystslott