Måbødalsulukka var ei bussulukke som fann stad på Riksveg 7 i Måbødalen i Eidfjord kommune i Hordaland den 15. august 1988.

Måbødalen

Ein buss med 34 skuleborn og foreldre frå Kista i Sverige var på veg mot Bergen som del av ein skuletur til Shetland. Då dei skulle køyra ned Måbødalen og var på veg inn i Måbøtunnelen, svikta bremsane. For at bussen ikkje skulle køyra utfor eit stup, styrte sjåføren bussen inn i veggen på tunnelen. Bussen kolliderte med den betongkledde veggen på høgre sida av tunnelmunninga og ein kraftig eksplosjon fylgde. 16 menneske omkom av skadane; 12 av desse var born. Bussjåføren og sonen hans var òg blant dei omkomne.

I ettertid har ein funne ut at bussen hadde alvorlege bremsemanglar, og at hjelpebremsen ikkje fungerte.

Dei skadde vart frakta til Haukeland Sjukehus i Bergen, der dei fekk lækjarhjelp. Dagen etter, den 16. august, kom det 56 pårørande frå Kista til Bergen i lag med eit kriseteam frå Kista. Ifylgje sjef-psykolog ved Haukeland, Dagfinn Winje, var det lurt å samla alle på ein stad. Det gav alle ei kjensle av å vera sett og ivaretekne. Kriseteamet arrangerte dessutan eit høve for å sjå dei omkomne i kyrkjer i Bergen, og tur til Måbøtunnelen for å sjå staden der ulukka hende.

Ringverknader endre

Psykolog Dagfinn Winje har forska på dei psykososiale konsekvensane av Måbødalsulukka i over 20 år i ettertid. I etterkant av ulukka har dei pårørande frå Kista danna organisasjonen Febe, ei foreining for foreldre som har mist born. Organisasjonen er oppkalla etter den fyrste diakonen som er nemnt i Bibelen. Dette er ein honnør til diakonen i kyrkjelyden i Kista, Ylva Edholm Johansson, som var til stor hjelp for dei pårørande. I Kista kyrkje finst det i dag ein kubeforma minnestein etter Måbødalsulukka.

I Måbødalen har det skjedd fleire gonger at bremsane anten har gått varme og teke fyr, eller slutta å fungera. I 1998 miste både ein trailersjåfør frå Bergen livet på veg ned Måbødalen, og ein semitrailersjåfør frå Polen omkom då han køyrde omtrent same strekninga. Det har difor vorte sett opp åtvaringsskilt på toppen av Måbødalen med bilete av ein lastebil der det går flammar ut av hjula. Det er det einaste skiltet av denne typen i Noreg.

Kjelder endre