MF «Fedjefjord»

bilferge bygd i 2001
MF «Fedjefjord» ved Sævrøyna.
Foto: Frode H. Korneliussen
MF «Fedjefjord» til kai på Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

MF «Fedjefjord» er ei ferje som vart bygd i 2001 i Bilbao i Spania for Bergen Nordhordland Rutelag. MF «Fedjefjord» vart sett inn i ferjesambandet Fedje-Sævrøy i mars/april 2002. Etter levering, fann ein ut at innseglingsleia ved øya Fedje var for smal for nyeferja. Det var berre forsvarleg å trafikkere ferja under gode forhold med lite vind, før leia vart utbetra. Dette arbeidet vart gjort i oktober 2004.

Det er i dag Norled AS som driv ferja.

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: MF «Fedjefjord»