MF «Melderskin» (1985)
MF «Melderskin» i rute Halhjem-Sandvikvåg 1997. Foto: Harald Sætre
| |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Herdla» |
Eigar: | Rutelaget Askøy-Bergen |
Verft: | Mjellem & Karlsen i Bergen |
Verftsnummer: | 135 |
Sjøsett: | 1985 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | JWLG |
IMO-nummer: | 8412261 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 1974 bruttotonnregister, 587 nrt |
Lengd: | 89,87 m |
Breidd: | 13,91 m |
Djupgang: | 3,83 m |
Installert effekt : | 2830 bhk |
Framdrift: | 8 cyl. 2T DM (Wichmann Motorfabrikk, Rubbestadneset) |
Fart: | 15 knop |
Passasjerar: | 299 passasjerar |
Bilar: | 112 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Nordfjord» |
Eigar: | Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane |
Kjøpt: | Januar 1993 |
Heimehamn: | Florø/Måløy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Melderskin» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipselskap |
Kjøpt: | Januar 1996 |
Heimehamn: | Bergen |
MF «Herdla», seinare «Nordfjord» og «Melderskin», er ei bilferje levert frå Mjellem & Karlsen i Bergen i mai 1985 til Rutelaget Askøy-Bergen. Ferja gjekk inn i ruta Kleppestø-Bergen mellom Askøy og Bergen, i tillegg til at ho vart brukt som nattferje Bergen-Mekjarvik i Stavanger. Då Askøybrua vart brukt og sambandet vart nedlagt, gjekk ferja i 1992-1993 som reserveferje for Kystveien Bergen-Stavanger.
I januar 1993 vart ferja selt til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og omdøypt MF «Nordfjord». I 1993 og 1994 gjekk ho i rute Knarvik-Steinestø, innleigd av for Bergen Nordhordland Rutelag. I januar 1996 vart ferja kjøp inn av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og gjeve namnet «Melderskin». Ho gjekk då mellom anna nokre år i ruta Halhjem-Sandvikvåg og seinare Våge-Halhjem.
I november 2014 var ferja framleis i fart.
MF «Melderskin» går ut av sambandet ved nyåret 2020 for å vike for Fjord1, som overtek rutesamandet.[treng kjelde]
Ferjesamband
endre- 1985-1992: Kleppestø-Bergen
- 1992-1993: Reserveferje Bergen-Stavanger (Kystveien)
- 1993-1994: Knarvik-Steinestø
- 1994-1995: Kaupanger-Revsnes
- 1995-1996: I opplag, reserveferje
- 1996-2000 Halhjem-Sandvikvåg
- 2000-2004: Våge-Halhjem
- 2004-2006: Skjersholmane-Ranavik-Sunde og reserveferje
- 2007-2010: Bruravik-Brimnes
- Mars 2011-31. desember 2019: Leirvåg-Sløvåg
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Melderskin» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.