Veslepolske voivodskap

voivodskap i Polen
(Omdirigert frå Małopolskie)

Veslepolske voivodskap (polsk województwo małopolskie eller berre Małopolskie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg sør i Polen, har eit areal på 15 108 km² og eit folketal på 3 360 581.

Veslepolske
voivodskap
Flagg
Symbol
Land  Polen
Hovudstad Kraków
Areal 15 108,0 km²
Folketal 3 360 581 (2013)[1]
Kart
Veslepolske voivodskap
49°51′00″N 20°16′00″E / 49.85°N 20.266666666667°E / 49.85; 20.266666666667
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Kart over fylka i voivodskapet.
Wikimedia Commons: Lesser Poland Voivodeship

Historie og geografi

endre

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Kraków, Tarnów, Nowy Sącz og delar av Bielsko-Biała og Katowice. Provinsen har fått namn etter den historiske regionen Małopolska eller Veslepolen.

Provinsen grensar i nord til Świętokrzyskiefjella (Góry Świętokrzyskie), i vest til Jura Krakowsko-Częstochowska og i sør til Tatrafjella, Pieninyfjella og Beskidane. Politisk grensar han til Schlesiske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nord, Subkarpatiske voivodskap i aust og Slovakia i sør.

Veslepolske voivodskap var ein del av det gamle Małopolska, som i lag med Storpolen (Wielkopolska) og Schlesien (Śląsk) utgjorde den tidlege polske staten i mellomalderen.

Nesten heile Veslepolen ligg innanfor nedslagsfeltet til Wisła. Byen Kraków var europeisk kulturby i 2000.

Byar og landsbyar

endre

Voivodskapet inneheld 57 byar og byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]:[daud lenkje]

1. Kraków (756 757)
2. Tarnów (117 109)
3. Nowy Sącz (84 594)
4. Oświęcim (40 979)
5. Chrzanów (39 797)
6. Olkusz (37 552)
7. Nowy Targ (33 493)
8. Bochnia (29 373)
9. Gorlice (28 539)
10. Zakopane (27 486)
11. Skawina (23 691)
12. Andrychów (21 691)
13. Kęty (19 252)
14. Wadowice (19 149)
15. Wieliczka (19 133)
16. Trzebinia (18 769)
17. Myślenice (18 070)
18. Libiąż (17 604)
19. Brzesko (16 827)
20. Limanowa (14 632)
21. Rabka-Zdrój (13 031)
22. Brzeszcze (11 730)
23. Miechów (11 717)
24. Dąbrowa Tarnowska (11 259)
25. Krynica-Zdrój (11 243)
26. Bukowno (10 695)
27. Krzeszowice (9 942)
28. Sucha Beskidzka (9 726)

29. Wolbrom (9 075)
30. Chełmek (9 065)
31. Stary Sącz (8 987)
32. Niepołomice (8 537)
33. Mszana Dolna (7 529)
34. Szczawnica (7 334)
35. Tuchów (6 501)
36. Sułkowice (6 305)
37. Proszowice (6 205)
38. Dobczyce (6 028)
39. Grybów (6 025)
40. Maków Podhalański (5 738)
41. Piwniczna-Zdrój (5 717)
42. Jordanów (5 112)
43. Muszyna (4 980)
44. Biecz (4 585)
45. Kalwaria Zebrzydowska (4 503)
46. Słomniki (4 331)
47. Żabno (4 271)
48. Zator (3 726)
49. Skała (3 693)
50. Alwernia (3 406)
51. Wojnicz (3 404)
52. Ryglice (2 784)
53. Nowy Wiśnicz (2 716)
54. Ciężkowice (2 378)
55. Czchów (2 207)
56. Świątniki Górne (2 101)
57. Zakliczyn (1 556)

Administrativ inndeling

endre

Veslepolske voivodskap er delt inn i 22 fylke (powiat): 3 byfylke og 19 landfylke. Desse er vidare delt inn i 182 gmina.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Veslepolske voivodskap