Opna hovudmenyen

Malayisk (Bahasa Melayu eller Bahasa Malaysia) er eit malayo-polynesisk språk. Malayisk er særs likt indonesisk, lokalt kjent som Bahasa Indonesia, det offisielle språket i Indonesia. Den offisielle standarden for malayisk, som Indonesia, Malaysia og Brunei har vorte samde om, er den varianten som blir snakka på Riau-øya rett sør for Singapore, som lenge har vore sett på som det malayiske språket sin årestad.

Malayisk
(Bahasa Malaysia
Bahasa Melayu
Bahasa Malay
بهاس ملايو)
Klassifisering: Austronesiske språk
 Malayo-polynesisk
Talarar: malayar
Bruk
Tala i: Flag of Malaysia.svg Malaysia
Flag of Thailand.svg Thailand
Flag of the Philippines.svg Filippinane
Flag of Singapore.svg Singapore
Flag of Indonesia.svg Indonesia
Flag of Brunei.svg Brunei
Malayisktalande i alt: 200–300 millionar
Offisiell status
Offisielt språk i: Flag of Malaysia.svg Malaysia
Flag of Brunei.svg Brunei
Flag of Singapore.svg Singapore
Normert av: Dewan Bahasa dan Pustaka i Malaysia og Brunei
Språkkodar
ISO 639-1: ms
ISO 639-3: msa
Wikipedia på malayisk

Innhaldsliste

UtbreiingEndra

Malayisk er brukt som morsmål av malayane i Malaysia, søre delar av Thailand, Filippinene, Singapore, sentrale austre Sumatra, Riau-øyane og delar av Borneos kyst. Det er offisielt språk i Malaysia, Brunei og Singapore. Det blir òg nytta som arbeidsspråk i Austtimor.

I Malaysia blir det òg nytta som lingua franca for andre folkegrupper, blant dei kinesarar og indarar.

Som morsmål og andrespråk blir malayisk tala av 200-300 millionar menneske.

SkriftEndra

Malayisk blir vanlegvis skrive med latinsk alfabet, men ein modifisert variant av det arabiske alfabetet, kalla jawi, finst òg.

GrammatikkEndra

Malayisk er eit agglutinerande språk, og nye ord kan formast på tre måtar.

Fleirtal blir ofte uttrykt ved hjelp av reduplikasjon, men berre i dei tilfella der det ikkje allereie kjem fram av konteksten.

Ordrekkefølgja er subjekt - verb - objekt. Adjektiv, demonstrativ og eigedomspronomen følgjer det substantivet dei skildrar.

NormeringEndra

Dewan Bahasa dan Pustaka («Instituttet for språk og litteratur») er i dag ansvarleg for å koordinere bruken av malayisk språk i Malaysia og Brunei.