Malcolm «Molly» Duncan (24. august 19458. oktober 2019) var ein skotsk tenorsaksofonist og eit av medlemmane som starta Average White Band.[1]

Malcolm Duncan
Fødd24. august 1945
FødestadMontrose i Angus
Død8. oktober 2019 (74 år)
FødenamnMalcolm Duncan
OpphavStorbritannia
Instrumentsaksofon, tenorsaksofon
Verka somsaksofonist

Malcom Duncan var fødd i Montrose i Skottland. Han studerte ved kunsthøgskulen i Dundee, der han møtte Roger Ball, som han skulle bli bandkollega med. Saman var dei kjende som Dundee Horns.[2]

Han spelte mellom anna med Ray Charles, Tom Petty, Buddy Guy, Ben E. King, Dire Straits, Bryan Ferry og mange andre, og spelt på konsertar med som Marvin Gaye, Chaka Khan og Eric Clapton.

Malcolm Duncan døydde den 8. oktober 2019, 74 år gamma, kort tid etter at det var gjort kjend at han hadde blitt diagnostisert med kreft.[2][3]

Kjelder

endre
  1. The Average White Band biography at Allmusic
  2. 2,0 2,1 «Tributes to Average White Band sax player Malcolm 'Molly' Duncan». BBC News. 9. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 
  3. «Founding member of Average White Band dies». The Irish News. 8. oktober 2019. Henta 10. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre