Måleri

(Omdirigert frå Maleri)
Denne artikkelen handlar om målarteknikkar. For meir om kunststilar, sjå målarkunst.

Måleri er ei form for biletkunst laga ved hjelp av måling på ein flate. Ein kan til dømes måla på papir, lerret, tak eller veggar som tak- eller veggmåleri, eller på andre flater. Ei rekkje ulike stoff kan brukast til å måla med, til dømes oljemåling, vassfarge eller akryl.

'Allegory av syn og lukt' av Jan Brueghel den eldre. Dette oljemåleriet frå 1500-talet avbilder fleire andre måleri.

Flyttbare måleri blir ofte ramma inn og plasserte på veggar som dekorasjon. Dei kan visast fram i heimar, offentlege bygg, galleri eller museum. Faste måleri kan brukast til utsmykking av ein bygning.

Måleritypar endre

Måleflate endre

 
Tak- og veggmåleri ved eit symjebasseng.

Ein kan bruka veggar, tak eller sjeldnare golv som ferdige flater til å måla på. Holemåleri er døme på måleri laga inni holer sidan førhistorisk tid. Innan seinare målarkunst skil ein mellom veggmåleri laga på våt (al fresco) eller tørr (al secco) mur. Nyare former for veggkunst er til dømes graffiti laga med spraymåling.

Staffelimåleri er laga på mindre stykke som ein kan flytta på. Materiale kan vera papir, pergament, lerret, tre, bein, metall, porselen eller anna.

Måling endre

 
Akvarellar blir typisk laga på papp eller papir.

Måling er danna av pigment blanda med bindemiddel og eventuelt fortynnar. Kva type måling ein bruker påverkar korleis ein kan måla gjennom løysingseven, viskositet, tørketid og kva farger ein kan oppnå.

Tempera er hurtigtørkande måling der pigmentet er blanda med eit bindemiddel som eggeplomme. Målinga stivnar og kan vara ved i fleire hundre år etter at ho har tørka. Voksmåleri er ein annan gammal teknikk der ein blandar pigment med ein oppvarma voks, som bivoks.

Oljemåling er utbreidd brukt til måleri. Denne målinga lager ein ved å blanda pigment med ei olje som tørker seg hard i luft. I europeisk tradisjon har dette særleg vore linjole.

Akvarellmåleri blir laga med gjennomsiktige vassfargar på papir. Ein annan vassbasert målingstype er gouache, der ein bruker dekkande vassfargar og pastell med fargekrit. Blekk er eit anna flytande fargestoff som kan brukast til måling.

Akrylfarge er ein nyare målingstype der pigmentet er blanda med ein akrylpolymer. Spraymåling er ein annan moderne målingstype der målinga er oppbevart i ei sprayflaske og kan sleppast jamnt ut.

Form endre

Miniatyrmaleri er laga i lite format og gjerne utført på pergament, papir, porselen eller elfenbein.

Måleri endre

Sjå og endre

Kjelder endre

  • «Maleri» (31. august 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. november 2014.

  Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.