Man of the World av Fleetwood Mac

Man of the World
Singel av Fleetwood Mac
A-side

«Man of the World»

B-side

«Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite»

Språk engelsk
Utgjeve 4. april 1969
Innspelt Januar 1969
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:51
Selskap Immediate
Låtskrivar(ar) Peter Green
Fleetwood Mac-kronologi 
«Albatross»
(1968)
Man of the World «Oh Well»
(1969)


«Man of the World» er ein song av Fleetwood Mac frå 1969, skriven av vokalisten og sologitaristen Peter Green. Han kom først ut som singel i fleire land i 1969, og vart sidan gjeven ut på Greatest Hits i 1971. Han vart seinare gjeven ut i 1992 i plateboksen 25 Years – The Chain, og på samlealbuma The Very Best of Fleetwood Mac og The Best of Peter Green's Fleetwood Mac. Ein litt annleis versjon av songen vart gjeven ut i 1998 på samleplata The Vaudeville Years.

Komposisjon og utgjeving endre

I guess I've got everything I need
I would't ask for more
And there's no one I'd rather be
But I just wish that I'd never been born

Peter Green (1969)

«Man of the World» er ein song om ein mann som har alt han ønskjer seg, utanom kvinna i hans liv. Songen går i D-dur og endar på ein D stor sekst-akkord.

Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista den 7. juni 1969, og låg i alt 14 veker inne på lista. Han nådde òg topp 5 i Noreg og Irland og ein 12. plass i Nederland den 26. april 1969.

Han vart ikkje gjeven ut som singel i USA før 1976, på DJM Record. B-sida var då ein annan song.[1][2] Han har òg blitt gjeven ut i mange andre land som ein 'Golden Oldies'-singel.

Opphavleg B-side («Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite») endre

Den første B-sida til den originale «Man of the World»-singelen var «Somebody's Gonna Get Their Head Kicked In Tonite», tilskriven Earl Vince and the Valiants – men i røynda Fleetwood Mac under eit anna namn. Songen vart skriven og sungen av Jeremy Spencer, det einaste medlemmet i bandet som ikkje var med på A-sida. Songen vart sidan spelt av det tidlege, britiske punkbandet The Rezillos på debutalbumet Can't Stand the Rezillos.

Andre stader endre

Songen vart nytta av Ian Broudie som grunnlaget for songen «I Wish I Was in Love» på The Lightning Seeds-albumet Tilt. Denne songen står oppført med Peter Green som medlåtskrivar.

Songen vart nytta i filmen Loser i 2002 og filmen The Damned United i 2009.

Ein versjon av songen vart nytta i ein reklamekampanje mot alkohol og bilkøyring i Irland i 2000 og 2002.

Songen vart òg nytta for This is England '86 under avsluttinga av den første episoden i september 2010.

Midge Ure spelte inn ein versjon av songen for albumet 10 i 2008.

Medverkande endre

Lister endre

  • Storbritannia - 2. plass
  • Noreg - 4. plass
  • Irland – 5. plass
  • Sør-Afrika – 11. plass
  • Nederland – 12. plass
  • Sverige – 12. plass
  • Tyskland – 23. plass.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre