Manbijsletta (arabisk سهل منبج) er ei stor slette aust på Aleppoplatået i det nordlege Syria og søraustlege Tyrkia. Sletta ligg langs vestsida av Eufrat og strekkjer seg 140 km frå Nizip til Maskanah, med ei breidde på 15–30 km. Ho ligg innanfor Manbij og Jarābulus-distrikta i Aleppo guvernement i Syria, og Nizip- og Karkamış-distrikta i provinsen Gaziantep i Tyrkia.

Manbijsletta
slette
Land  Syria,  Tyrkia
Guvernement Aleppo guvernement
Provins provinsen Gaziantep
Kart
Manbijsletta
36°34′17″N 37°56′36″E / 36.571388888889°N 37.943333333333°E / 36.571388888889; 37.943333333333

Grenser og skildring endre

Middelhøgda på sletta er kring 400 meter over havet. Ho heller slakt frå aust til vest. Sletta kan delast i ein nordlege og ein sørleg del. Den nordlege delen strekkjer seg frå Nizip til Manbij. Denne delen er omgjeven av Aintabplatået i nord og vest. Elvane Nizip, Merzimen (Bozatlı) og Sajur kryssar sletta frå aust til vest. Sletta er busett av ein tyrkisk folkesetnad i tillegg til arabarar og andre etniske minoritetar. Tyrkarane kalla sletta Barak etter namnet på eit tyrkisk folk. I Syria vert ho kalla den nordlege Manbijsletta.

Den sørlege sletta strekkjer seg frå Manbij til Maskanah. Ho grensar i vest til Dhahabdalen og Jabboulsjøen. I sør går ho over i den tørre steppa i nordlege delar av Den syriske ørkenen.

Det har vore drive jordbruk med kunstig vatning på sletta sidan antikken. Arkeologiske funn frå yngre steinalder har blitt oppdaga i Sajurdalen. Zeugma ved Eufrat er ein stad frå antikken som vart oppdaga i nordenden av sletta.

Sjå òg endre

Kjelder endre