Manuela Montebrun

Manuela Montebrun (fødd 13. november 1979) er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar som tevla i sleggjekasting. Ho vann bronsemedaljen i øvinga ved europameisterskapen 2002 og verdsmeisterskapen 2003. Mange år etter OL 2008 rykte Montebrun opp på tredjeplassen då resultata til konkurrentar vart annullert.

Manuela Montebrun


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. november 1979 (44 år)
Laval i Frankrike
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Utmerkingar

ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Aktiv endre

Montebrun kasta sleggja over 70 meter fyrste gongen i 2000-sesongen. Ho mislukkast i OL-tevlinga i Sydney, året etter vart ho nummer fem ved VM 2001. Under europameisterskapen 2002 i München kasta ho 72,04 meter og vann bronsen, mindre enn meteren bakom vinnaren Olga Kuzenkova. Ved VM 2003 på fransk heimebane kneip ho bronsemedaljen med eit kast på 70,92 m.

11. juli 2005 i Zagreb kasta Montebrun sleggja 74,66 meter og forbetra dermed franske rekorden, gjeldande også i 2020. Ein månad etter rekordkastet kom ho med 71,41 meter på fjerdeplass i verdsmeisterskapen i Helsinki. Denne plasseringa gjorde Det internasjonale friidrettsforbundet om på då det i 2013 annullerte resultatet til verdsmeisteren Olga Kuzenkova.

I 2008 rekte Montebrun sine 72,54 meter til femteplass under OL i Beijing. Åtte og ni år seinare annullerte IOK prestasjonane til dei russiske utøvarane Aksana Mjankova og Darja Ptsjelnik og flytta Montebrun opp til bronseplassen.

Montebrun vart fransk meister ni gongar og aktiv på toppnivå til 2012.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre